Hopp til innhold

Skøytesuksess i Kristiansund

I løpet av tre veker har 15.000 personar vore innom den nye kunstisbana i Kristiansund. Det er like mange som det var budsjettert med for tre månader.

Skøytefeber i Kristiansund
Foto: Tone Rokstad / NRK

- Det har vore fenomenalt, seier Frode Bjerklund. Han er banesjef på kunstisbana, og er veldig nøgd med besøket så langt.

Bana skulle eigentleg opne 1. oktober, og det var budsjettert med femten tusen besøkande ut året. No går det mot det same talet etter at bana har vore open i to veker.

- Vi nærmar oss 15.000 med raske skritt, seier han.

Skøytefeber

Sunniva Ytrøy og Endre Aasen

- Vi er her åleine og speler hockey, seier Endre Aasen. Han er på Nordea Kunstisbane med Synniva Ytrøy og bror hennar i romjula. Sunniva har lært seg piruett på sine danseskøyter etter at isen kom i Kristiansund.

Foto: Tone Rokstad / NRK

I tillegg til at skøytebana har hatt mange besøkande har det også vore eit stort press på dei som sel skøyter i nordmørsbyen.

- Det er problem å få kjøpt skøyter. Eg skal sjølv kjøpe, men har venta i fjorten dagar på å få rette storleiken. Det er mange som ventar på nye leveransar av skøyter, fortel han.

- Det har vore eit formidabelt skøytesal på butikkane i byen, seier han.

Skøytefeberen har ført til rekordsalg av skøyter for sportsbutikkene i byen, som har vært utsolgt i perioder.

Linda Kvernstad ved Intersport sier at de aldri har hatt liknende skøytesalg tidligere.

Eksplosjon i skøytesal

- Det har eksplodert etter at vi fekk skøytebane her i byen. Vi var utselde lenge før jul, men var heldige og fekk inn eit parti to dagar før jul. Det gjekk på eit par timar.

Ho veit ikkje kor mange skøytepar som er selde, men seier det har gått fort når butikken har hatt dei på lager.

- Eg har inga aning. På nokre timar forsvann to pallar, så det går fort, fortel ho.

Espen Ohr er butikksjef på Super G-Sport i Kristiansund. Han kan fortelje om eit stort press for å få seg skøyter. Han styrer ein av butikkane som ikkje har tome hyller i romjula.

Rekordsal

- Vi har vore flinke å bestilt etter kvart som vi gjekk tom, og fekk seinast ei ladning måndag, fortel han. Men likevel viser det att i hyllene i butikken.

- Sidan midten av november har vi seld mellom 1200 og 1400 par skøyter, fortel han. Det vanlege har vore å selje mellom 300 og 400 par, i det Ohr kallar dei ”beste sesongane”.

Det er ikkje berre borna som vil ha skøyter no. Dei går til alle aldersgrupper, fortel han.

- Det er heile familien. Alt frå små born til godt vaksne mannfolk, seier han, og meiner dette tilbodet har vore etterlengta i Kristiansund.

24. januar opnar kunstisbana offisielt, med kjente skøytenavn som Hjalmar «Hjallis» Andersen, Knut «Kuppern» Johannesen og Fred Anton Maier som gjestar.