11.02.2012

Demonstrerer mot Gaza-bombing

Palestinademonstrasjon Ålesund (Foto: Terje Reite/NRK)

Palestinarar i Ålesund gjennomførte tysdag formiddag ei stille markering mot bombinga i Gaza.

Om lag 20 personar, dei fleste Palestinarar, samla seg på Rådhusplassen i Ålesund.

Fortelje

- Vi vil gjerne fortelje det norske folket om kva som eigentleg skjer på Gaza, seier initiativtakar Saad Almina til NRK. Vi kan ikkje berre sitje stille, vi ville samle oss og vise støtte til folket på Gaza, seier Almina.

Saad Almina (Foto: Terje Reite/NRK)

Saad Almina

Foto: Terje Reite/NRK

Familien

Saad Almina fortel at han sjølv er frå Gaza og har mykje familie der.

- Dette er veldig trist. Vi prøver å ringe heim for å finne ut korleis det går. Eg hadde kontakt med familien for 2 dagar sidan. Då stod det nokolunde bra til med dei. No veit eg ikkje, seier han. Eg fryktar at Israel vil råke heile Gaza.

Demonstrasjon

I bitande kulde hadde dei 20 frammøtte ein stille demonstrasjon framfor rådhuset i Ålesund. Demonstrasjonen varte i om lag halvannan times tid.

Palestina demonstrasjon Ålesund (Foto: Terje Reite/NRK)
(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet