Hopp til innhold

Fann jettegryte under vegarbeid

På Bjørke i Hjørundfjorden vart det måndag funne ei stor jettegryte under tunnelarbeid.

Jettegryte på Bjørke

Jettegryta inneheldt mykje rullestein.

Foto: Perry Bjørke

Fylkesvegen langs stranda mellom Bjørke og Leira i Hjørundfjorden er rasfarleg. Det blir arbeidd med ein 1920 meter lang tunnel mellom dei to bygdene. Den skal vere ferdig i 2010.

Då anleggsarbeidarane måndag dreiv med å fjerne lausmasse der forskjeringa til tunnelen på Bjørke-sida skal vere, dukka det opp ei stor jettegryte.

Jettegryte på Bjørke

Å tømme jettegryta for masse vart ein hard tørn for gravemaskinene.

Foto: Perry Bjørke

Hard som betong

Tysdag ettermiddag seier anleggsleiar Harald Almeland til NRK Møre og Romsdal at jettegryta er ca. 8 meter i diameter. Kor djup ho er, veit dei ikkje enno. Førebels har dei grave seg ned til 3-5 meter.

Massen som fylte jettegryta er hard som betong og slit ut tennene på gravemaskinene, seier Almeland.

Midt i vegen

Jettegryta ligg midt i vegtraseen, akkurat der tunnelpåhogget skal vere, og tett attmed stasjonen til Tussa Kraft. - Funnet blir ei sak mellom Statens vegvesen og fylkesgeologen, seier anleggsleiaren. Men han har lita tru på at det let seg gjere å ta vare på jettegryta. - Då måtte vi leggje om vegen, og dette er den einaste plassen det ikkje er rasfarleg. Vi kan heller ikkje leggje tunnelinnslaget litt lenger opp, for der er det eit freda område. Men det store holromet i jettegryta sparar oss for ein del sprenging, seier han.

Les vidare under kartet.

Tunnelen Bjørke - Leira

Strekninga Bjørke - Leira inst i Hjørundfjorden

Foto: Kart: Statens vegvesen