Kven skal betale for sikringstiltaka?

Det er usemje rundt kven som skal dekkje kostnadene for ytterlegare sikringstiltak i Fjelltunvegen i Ålesund.
Publisert 11.12.2008 07:23.
- Skriv ut
- No må ein finne ut kven som har ansvaret for at det trengs ytterlegare sikringtiltak, seier dei som bur i Fjelltunvegen 33.
Det er Norges geotekniske institutt som har konkludert med at ein treng fleire sikringstiltak.
Det er Norges geotekniske institutt som har konkludert med at ein treng fleire sikringstiltak.
- Må finne ansvarlege

Inger Marie Sperre representerer sameiget Fjelltunvegen 33.
Foto: Andreas SundbyRepresentant for sameiget i Fjelltunvegen 33, Inger Marie Sperre, synes det er vanskeleg å skulle leite etter syndebukkar, men meiner det må til.
- Det er aldri hyggeleg å leite etter dei som er ansvarkege for kostnadene, men vi som naboar er sterkt råka av dette. Vi skal framleis bu her og er avhengige av å få sikra fjellet, seier Sperre.
Sikring for 1,1 millionar
Norges geotekniske institutt konkluderer i sin rapport med at fjellet bak bustadblokkene i Fjelltunvegen i Ålesund ikkje er stabilt nok, og at sikringstiltak for omlag 1,1 millionar kroner må til. Inger Marie Sperre seier dei mest truleg vil søke NVE om å få dekt utgiftene.
- Vi har på ingen måte ansvar for det som skjedde, og det er heilt naturleg at vi søkjer dekning for utgiftene med å få det trygt rundt heimane våre.
- Ikkje kommunen sitt ansvar
Kommunalsjef Ronny Frekhaug seier at det i utgangspunktet er huseigarane som må dekke kostnadene, og at kommunen ikkje har noko direkte juridisk ansvar i forhold til det.
- Det er overraskande at kommunalsjefen konkluderer så bastant på eit så tidleg tidspunkt, seier Sperre.
Ho seier dei er innforstått med at dei som grunneigarar i utgangspunktet må dekke kostnadene, men Inger Marie Sperre seier kommunen også er grunneigar på delar av området. Bebuarane håper også på at det finst andre ordningar som kan vere med og dekke utgiftene, for eksempel forsikringsselskapa, seier Sperre.

Alt om Fjelltunvegen
- Flyttar inn igjen i Fjelltunvegen
- Smell skaket Fjelltunveien
- Kan bygge i Fjelltunvegen
- Får ikke penger fra NVE
- - Eit år på sikring av fjellet
- Blomster og lys på Fjelltun
- Eitt år sidan blokka rasa
- Kommunene er beredt
- Ikke straff etter Fjelltun-ulykka
- Kven skal betale for sikring?
- Får endeleg trygg tomt
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Må gå i 10. klasse flere år
- Dropper ikke alkohol på årsmøtet
- Dødsulykke i Tønsberg blir gransket
- Stabilt for elever etter bilulykke
- Oppretter krisesenter i regjeringen
- – 19-åring truet ambulansesjåfør
- Kartlegger overvåking av ansatte
- Politiet merket 22. juli-bilder
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer


Februar 4




