Strikking er mote

Trass i billege, masseproduserte kle frå utlandet, strikkar vi som aldri før her i landet. Det har rett og slett blitt mote å strikke. Ein årsak kan vere behovet for å skape noko sjølv, noko som varer, trur husflidkonsulenten i Møre og Romsdal, Randi Hole.
Publisert 04.12.2008 05:43.
- Kommentarer
- Skriv ut
I garnavdelinga hos Husfliden i Ålesund merkar dei godt at salet aukar. Siv Dragsund fortel at fleire og fleire unge kjøper garn og pinnar, både jenter og gutar.
Og det går helst i barnekle, og småplagg som luer, skjerf, vottar og sokkar. Det er færre som kjøper garn til gensarar og jakker til vaksne, sjølv om dei gamle Setesdal- og Mariusgensarane aldri ser ut til å gå av moten.
Sterk tradisjon
Strikking er ein handverktradisjon som står svært sterkt i Noreg, seier husflidkonsulent Randi Hole. Men det går i bølgjer, og akkurat no er vi inne i ei tid då strikking blir meir og meir populært, også blant dei unge.
Hole trur ei forklaring kan vere at mange av dei opplever det som nytt og spennande, og ein måte å bruke kreativiteten sin på.
Blånisser
Rauma Ullvarefabrikk på Veblungsnes er eineleverandør av garn til luene til blånissane i adventserien Jul i Blåfjell på NRK1. Og salet går strykande. Men det er slett ikkje berre blått garn til nisseluer som går unna, fortel marknadskoordinator Torill Bakke.
Også hos garnprodusenten opplever dei den auka interessa for strikking hos ungdommen. I tillegg er det mange vaksne damer som finn fram strikkepinnane igjen, etter mange år.
Mote
- Ein trendforskar seier at mange unge har behov for eit alternativ til datamaskina, dei har behov for å bruke hendene og kreativiteten sin. Det trur eg er rett.
- Det er mykje betre å drive med garn enn med aksjar no om dagen, seier Bakke.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg


Februar 4




