Hopp til innhold

Homo-engasjement fylte kyrkjene

Indremisjonen hadde oppmoda til boikott av soknepresten på grunn av standpunktet hans i homofilispørsmålet. Men kyrkjene i Bud og Hustad var fulle søndag.

Lysmesse i Bud kyrkje, Fræna

Lysgudsteneste i Bud kyrkje, Fræna

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nordmøre og Romsdal Indremisjon har nekta å leige ut leirstaden Frænabu til konfirmantarrangement som sokneprest Sindre Stabell Kulø er ansvarleg for. Dei har også bedd folk la vere å gå til gudstenestene hans fordi han stiller seg positivt til homofilt samliv.

Les òg:

Homo-ja gir misjon-nei

Støtteaksjon

Men 1. søndag i advent var både Bud kyrkje og Hustad kyrkje i Fræna fulle av folk. På førehand hadde det vore ein SMS-aksjon til støtte for soknepresten. Sindre Stabell Kulø seier til NRK Møre og Romsdal at han er rørt over den støtta han har fått.

- I Bud og Hustad står kyrkja sterkt. Når folk føler at kyrkja er trua, stiller dei opp og tek ansvar, seier han.

- Ikkje overraska

Krinsleiar Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon er ikkje overraska over at folk strøymde til kyrkjene søndag. - Det hadde vore ei overrasking om folk ikkje gjekk etter all publisiteten denne saka har fått. I den kristne kyrkja er det no eingong slik at det er ikkje talet på tilhøyrarar som avgjer om eit arrangement er vellykka eller ikkje, men det som blir formidla i forkynninga, seier Halås.

Bud kyrkje, Fræna

Bud kyrkje, Fræna

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL