Hopp til innhold

Leit å bli nekta erstatning

- Det er leit at Ørsta kommune ikkje vil gi erstatning til dei som budde ved Sunnmøre Barneheim på 1960-talet, seier advokat Ole Erik Gussiås.

Fem personar meiner dei vart utsette for ulike overgrep ved heimen, som vart driven av Sunnmøre Indremisjon.

Gussiås representerer dei fem, og han seier klientane er skuffa.

- Dei er veldig skuffa over det. Vi hadde jo håpt at Ørsta kommune ville legge seg på same line som Kristiansund kommune, seier Gussiås.

Vil ikkje ta ansvar

Han nemner også kommuner som Oslo og Bergen som har gjort noko liknande det Kristiansund har gjort. Dei har sett ned ei nemd som skal granske tilhøva som har vore.

Men sjølv om Ørsta kommune erkjenner at det har foregått overgrep på barneheimen vil dei ikkje ta ansvaret. I staden meiner kommunen at dette bør ligge under den statlege ordninga.

Denne ordninga er ikkje god nok, meiner Gussiås.

Tilsynsansvar

- Det er og eit statleg ansvar, og staten tek jo sitt ansvar gjennom rettferdsvederlag. Men no er det eit tak på den erstatninga, så den dekker ikkje alt. Det har vore poenget i Bergen, Kristiansund og Oslo, at ein har hatt ei kommunal ordning ved sidan av den offentlege.

Gussiås meiner Ørsta kommune har fråskrive seg ansvaret i denne saka.

- Dei hadde eit tilsynsansvar med denne institusjonen. Dei skulle følgje med at dei som budde der fekk det dei hadde krav på. Det er nedfelt i lova allereie på den tida, at det ikkje skulle vere fysisk avstraffing, og den typen ting. Når vi no veit at det har foregått, så meiner eg at kommunen bør ta det ansvaret, ikkje berre i ord, men også økonomisk, meiner advokaten.