Hopp til innhold

Skaut med skarpt mot politiet

Ein 26 år gamal mann er dømd til fengsel i eitt år og ti månader for mellom anna å ha skote to gongar med skarpt mot to politibetjentar i Kristiansund i juni i år.

Domstol
Foto: Illustrasjon

Etter eit samanstøt med to andre menn i Kristiansund sentrum der 26-åringen blei skubba i bakken, trua han med å drepe dei to.

Han dro heim og henta ein revolver, men blei oppdaga av politiet.

Under forsøket på å pågripe mannen avfyrte han to skot mot dei to politibetjentane som kom etter han.

Politibetjentane trudde at han skaut med lauskrutt, men det viste seg etterpåa at han hadde skote med skarpt

26-åringen er straffedømd elleve gongar tidlegare.