Akjonsgruppa for rassikring av Oppdølsstranda sto bak folkemøtet på Ålvundeid torsdag kveld.
Søndag kveld raste store steinar ned og traff ein bil på Riksveg 70 mellom Ålvundeid og Sunndalsøra i Sunndal kommune.
Ein person vart alvorleg skada i ulykka.
Folk i området har lenge kjempa for å få rassikra vegen utan at noko har skjedd.
Kravet på møtet var enkelt: No må Oppdølsstranda få tunnel.