Hopp til innhold

- Avgangen naturleg i boka

Avgangen som statsråd får god plass når Karita Bekkemellem no set punktum for 20 år lang politisk karriere med bok.

Karita Bekkemellem
Foto: NRK

Tidlegare Ap-statsråd Karita Bekkemellem frå Molde kjem med bok neste haust.

Bekkemellem fekk avtale med Aschehoug forlag kort tid etter at ho gjekk av som statsråd sist vinter.

No er det tid for å sjå tilbake på det som er gjort i ei 20 år lang karriere, fortel Bekkemellem.

- Når ein er i politikken så er det jo slik at det heile tida er nye ting. Då blir det lite tid og rom til å dvele ved nokre av dei opplevingane du har fortløpande, seier Bekkemellem.

Naturleg del i boka

- Men det får du høve til når du set deg ned og skal skrive ei bok. Dette har vore utruleg artig, og eg håper at dette kan bli ei god forteljing på det eg har opplevd.

Bekkemellem gjekk av som statsråd i oktober i fjor, etter eit skifte i regjeringa som kom overraskande på mange.

- Det vil det sjølvsagt, seier ho på spørsmål om avgangen kjem til å prege delar av boka.

- Det vil inngå som ein naturleg del av boka, fordi det eg opplevde, både under avgangen og det som også har skjedd i månadene etterpå, det har vore spesielt for meg, fortel ho.

Ferdig i politikken

- Situasjonen har jo vore slik at eg på mange måtar ikkje har vorte ferdig med denne avgangen, legg ho til.

Ho har fått spørsmål om hendinga frå media og enkeltpersonar heile tida sidan avgangen frå regjeringa vart kjent i oktober 2007.

- Det vil vere ein del av boka, men langt frå alt, det kan eg love, forsikrar Bekkemellem.

Mannspanelet og Karita Bekkemellem

Oppstarten av Mannspanelet var noko av det siste Karita Bekkemellem gjorde som statsråd. Kanskje får også dei plass i boka.

Foto: Olav Døvik / NRK

Etter 20 år i politikken er no Karita Bekkemellem ferdig. Ho har sagt nei til attval for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal neste år, men det betyr ikkje at ho er ferdig med alt som heiter politikk.

Eit år før publisering

- Eg kjenner meg framleis som eit politisk dyr, seier ho.

- Eg har eit sterkt engasjement, og eg trur veldig på dei ideane som vårt parti har, så dette handlar ikkje om at du føler at du er ferdig med politikk og engasjementet ditt på vegne av folket, men slik det har blitt for meg så syns eg det var naturleg å seie nei no, fortel ho.

Arbeidet i boka er kome eit stykke, og allereie kort tid etter at ho gjekk frå statsrådstillinga kom det tilbod frå fleire forlag.

- Etter planen håper vi å vere ferdig neste haust. Går alt etter planen kjem altså boka ut om eit års tid, fortel Karita Bekkemellem.