Hopp til innhold

Bombar fjellsida

Eit helikopter er på veg for å bombe fjellsida ved Opdølsstranda med vatn.

Oppdølsstranda
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ivar Hol i Statens Vegvesen håpar at det vil føre til at vegen blir opna att .

Ivar Hol, Statens Vegvesen

Ivar Hol, Statens Vegvesen

Foto: Aina Rødal / NRK

- Gjort det før

Me håpar på å simulere eit kraftig regnver slik at småsteinane i fjellsida kjem ned på ein kontrollert måte, seier Hol.

Helikopteret skal bombe fjellsida med vatn for å få renska fjellsida for lause steinar.

Hol fortel at denne metoden har vore prøvd før, men med varierande resultat.- Me håpar sjølvsagt at denne gongen blir vellukka, seier han.

Fleire dagar før vegen opnar

- Etter bombinga får me sjå kva som har kome ned, seier Hol.

Det vil vere behov for å fjerne alle steinane frå fangnetta over vegen før strekninga kan bli opna for trafikk.

Ei mobilkran er på veg til Sunndal for å starte på dette arbeidet i morgon tidleg, avsluttar Hol.