Hopp til innhold

- Bruk veto mot tenestedirektivet

- Bruk vetoen. Det er kravet frå Møre og Romsdal SV til regjeringa når det gjeld tenestedirektivet til EU.

Fylkesleiar i SV, Olav Hauge

- Bruk vetoen mot tenestedirektivet, seier fylkesleiar i SV, Olav Hauge.

Foto: NRK

- Slik utviklinga har vore i EU-systemet med dette, så ønsker vi at ein bruker vetoen, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal SV Olav Hauge.

Han meiner direktivet kan føre til at det blir meir sosial dumping også i Noreg om direktivet blir innført.

Tenestedirektivet er i desse dagar ute på høyring før regjeringa skal kome med sin uttale. Hauge seier at mykje av grunnen til at dei ber regjeringa bruke vetoretten sin er faren for at direktivet kan føre til sosial dumping.

Fleire faktorar

Det har ikkje skjedd før under EØS-avtalen at Noreg har brukt veto-retten mot eit slikt direktiv, men no meiner altså regjeringspartiet SV sitt fylkeslag i Møre og Romsdal at det er på tide.

For sjølv om direktivet kanskje ikkje legg direkte opp til sosial dumping, er det andre element i EU som kan føre til at det blir meir sosial dumping dersom dette blir godkjent, meiner Hauge.

- I tillegg til dei direktiva som blir vedtekne i EU-systemet, så har vi EU-domstolen som ein siste instans, som bestemmer kva tolking som skal brukast om direktiva, seier han.

Risikerer lønsdumping

- Og no har dei fatta fleire vedtak i saker som går på denne typen spørsmål, og dei har gått i retning av meir liberalisering, seier han. Retninga som EU-domstolen no styrer praksisen vil føre til meir sosial dumping, trur han.

- Sosial dumping betyr jo at i staden for at dei nasjonale tariffstandardane skal gjelde, så skal det vere sånn at ein kan inngå avtalar utan at det blir stilt krav om å følge nasjonale tariffavtalar, fortel Hauge.

- Det er det største problemet her. Du kan då altså kome inn i Noreg med eit tilbod der du bruker arbeidskraft som får langt dårlegare betalt enn i Noreg, og det er den viktigaste grunnen til at vi kjempar mot dette, seier han.