Hopp til innhold

Sjuk norsk rogn til Chile?

Norsk laks er opphavet til sjuk laks i Chile, hevdar professor i fiskehelse.

Oppdrettslaks.
Foto: Terje Marøy / SCANPIX

- Det er ingen tvil. Norsk rogn er seld til Chile, og i den har det vore ILA-virus.

Professor i fiskehelse ved Universitetet i Bergen Are Nylund, meiner han har gjort ny forskning som viser opphavet til sjuk fisk i Chile.

- Vi har sett på ein del av ILA-virusa i Chile. Når vi går inn og karakteriserer arvestoffa i dei, viser det norsk opphav, seier Nylund.

Store tap

Som i Noreg har Chile produsert laks i oppdrettsmerdar sidan 70-talet. Fyrst på byrjinga av 90 talet såg chilenarane potensialet i den nordatlantiske laksen. Rogn frå Noreg, Skottland og Canada vart kjøpt i enorme mengder. Chilenarane starta masseproduksjon.

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein sjukdom som råker blodårene til laksen. Den gjer at kvaliteten vert svært dårleg, som oftast må laksen slaktast. I Chile fann ein sjukdomen på eit oppdrettsanlegg i januar i fjor. Sidan har store deler av næringa vorte råka. Fleire selskap har lidd store tap som følgje av sjukdomen.

Må ha kome nyleg

- Når det gjeld ILA viruset, må det ha kome nyleg. Når vi ser på arvestoffet, er det svært likt dei utbrota som vi har hatt her i Noreg. Det gjer at det maksimum kan ha kome frå Noreg for 5 til 10 år sidan.

- Berre teori

Frå Noreg er det selskapa Aquagen og SalmoBreed som har selt rogn til Sør-Amerika. Båe selskapa har gjort dette sidan slutten av 90-talet. Administrerande direktør Odd Magne Rødseth i AquaGen hevdar at forskinga til fiskehelseprofessoren er for bastant.

- Eg byggjer på det faktagrunnlaget som er tilgjengeleg i dag. Are Nylund har ein teori, andre kompetente forskningsgrupper har sine teoriar. Vi tek dette til etterretning, vi gjennomfører grundige analysar. Likevel vi føler oss svært trygge på at verken vi eller andre norske selskap har selt ILA-rogn til Chile.

- Kva seier du til påstanden frå Nylund?

- Endå ein gong vil eg vise til at det er andre som seier at det er svært liten sjanse for at dette har skjedd. Du kan samanlikne det med ein flykaptein i eit fly. Spør du han om flyet kan falle ned, kan det sjølvsagt det. Kor sannsynleg er dette?

Går for langt

Verken vitskapskomiteen eller andre fagmiljø i Noreg utelukkar at forskinga til Nylund kan ha noko for seg. Seksjonssjef ved Veterinærinstiuttet Edgar Bruun hevdar likevel at professoren trekkjer for raske konklusjonar.

- Det som vi føler, er at han trekkjer bastante konklusjonar som ikkje er vitskapleg underbygde, seier Bruun.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL