Hopp til innhold

Kan bli felt på kort varsel

Fellingsløyvet for bjørne- og jervejakta i fylket går ut tysdag, utan at det så langt er felt verken bjørn eller jerv.

Bjørn
Foto: Per Løchen, NTB Pluss

På Lesja blei det i går funne eit sauekadaver, og sauen er truleg drepen av bjørn.

Innanfor Møre og Romsdal sine grenser er det siste dagane ikkje rapportert om rovdyr.

Trond Haukebø

Nytt fellingsløyve kan vi gje på kort varsel, seier Trond Haukebø.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Rask reaksjon

Seksjonssjef Trond Haukebø i areal- og miljøvernavdelinga i fylket seier det kan bli felt bjørn og jerv sjølv om fellingsløyva no går ut.

– Om skadar skulle skje, vil vi umiddelbart vurdere situasjonen og gje skadefellingsløyve.

Haukebø meiner at det er viktig at dei aktuelle områda har ei god organisering som reagere raskt om det skulle verte naudsynt. På den måten kan vi redusere skadane av streifande bjørn.

Torsdag blei det altså i Lesjaområdet funne eit kadaver av ei søye som for to-tre dagar sidan truleg er drepen av bjørn. Det seier rovviltkontakt i Statens naturoppsyn i Oppland, Eivind Fossum, til NRK Møre og Romsdal.

Trekt austover

Dei siste spora som er meldt inn om bjørn er frå 19.juni frå Mardalsbotn mellom Nesset og Rauma .

Haukebø trur bjørnen er ute av fylket no.

– Dei siste rykta eg har høyrd er at spora tydar på at den har trekt austover.