Hopp til innhold

Frykt for bjørn

Folk i Bjørkedalen er redde for ein død sau er drepen av bjørn - rovviltkontakt Alv Ottar Folkestad seier sauen er død av heilt andre årsaker.

Død sau i Bjørkedalen

Sauen på Nørdalsnyesetra og lamma

Foto: Dagfinn Bjørkedal

Tysdag morgon blei det i Bjørkedalen i Volda funne ein sau som var død og eten på. Folk meinte det kunne vere bjørn som hadde drepe sauen. Alv Ottar Folkestad, lokal rovviltkontakt for Statens naturoppsyn, undersøkte sauen same dagen og kom til ein heilt annan konklusjon.

Død sau i Bjørkedalen
Foto: Dagfinn Bjørkedal

Kan det vere bjørn?

Tysdag morgon blei Arve Bjørkedal varsla om at ein av sauene hans låg død på setra. To lam sprang rundt i nærleiken. Då folk frå garden kom til Nyesetra, såg dei bl. a. at juret var vekk og at sauen var biten i strupen.

- Kan det vere bjørn som har vore på ferde? var det mange som spurde seg då dette blei kjent. Blant dei var Marta Strømmen Bjørkedal, mor til eigaren.

- Vi har aldri før opplevd å misse ein sau på denne måten. Både barn og vaksne i bygda går mykje i skog og mark, og dette har gjort oss utrygge, seier ho.

Ryggvelt

Men det er heilt sikkert ikkje bjørn som har vore på ferde, seier rovviltkontakt Alv Ottar Folkestad, som undersøkte sauen tysdag ettermiddag og som har rapportert saka til Statens naturoppsyn..

- Utgangspunktet er ein klassisk ryggvelt på eit skrånande berg. Norsk kvit sau er så flat på ryggen at dersom han hamnar på rygg og ikkje har noko å spenne mot med føtene, kan han bli liggjande. Er vomma full, slik som hos denne sauen, pressar ho mot mellomgolvet og lungene slik at han etter kvart blir kvelt. Sauen kan også få problem med blodsirkulasjonen, seier Folkestad.

Død sau i Bjørkedalen

Juret er som skore vekk

Foto: Dagfinn Bjørkedal

Rev og ramn

- I dette tilfellet har det komme rev og ramn og gått laus på sauen. Han har blødd så lite at det må ha skjedd etter at han var død eller like før.

- Eit sikkert vitnemål om reven er måten juret er fjerna på. Det er så fine sårkantar som om det skulle vore skore av med kniv. Reven brukar dei sylskarpe kinntennene sine som går ned i kvarandre som ei saks. Ingen andre dyr klipper skinnet så fint som reven. Bjørnen brukar makt og let ikkje etter seg så fine kantar. Det er også heilt klart rev som har bite sauen i strupen.

- Bjørnen bit gjerne sauen over nasen, men litt blod frammed nasen på denne sauen er ikkje nasebit. Huda er ikkje punktert, dette er truleg naseblod frå dødskampen. Ramnen har hakka hol i sida på dyret. Der har noko av innvollane komme ut. Det er også rive av litt ull, og det er typisk for ramnen, seier Alv Ottar Folkestad.

Men i Bjørkedalen er det fleire som enno ikkje er overtydde om at det ikkje er bjørnen som har vore på besøk...

Død sau i Bjørkedalen

Blod ved nasen

Foto: Dagfinn Bjørkedal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL