Hopp til innhold

- Tafatt fylkesordførar

Olav Hauge (SV) er irritert etter at fylkesordførar Olav Bratland (H) avslo SV sitt forslag om å legge nynorsk-press på bokhandlarar.

Olav Hauge

Irritert: Fylkesleiar i SV, Olav Hauge.

Foto: Aina Rødal / NRK

SV i Møre og Romsdal kjempar for skulebøker på begge målføra i den vidaregåande skulen.

På fylkestingsmøtet onsdag fremja SV forslag om at forlag og bokhandlarar som bryt lova, skal få klar beskjed frå fylket om at dei ikkje kan vere deira kunde.

Olav Bratland

Fylkesordførar Olav Bratland (H).

Foto: Aina Rødal / NRK

Dette forslaget avslo fylkesordførar Olav Bratland fordi gruppeleiaren i SV ikkje var på møtet, og at det dermed ikkje var ope for diskusjon.

Irritert

Gruppeleiaren i SV, Jan Magne Dahle, var ikkje på fylkestingmøtet, men det var fylkesleder i SV, Olav Hauge, og han er irritert over det han kaller ein tafatt fylkesordfører.

- No hadde han sjansen til å gjere noko. Det er klart eg er skuffa.

- Prinsipielt einig

Fylkesorføraren sier han er einig i prinsippet om at lærebøker bør vere tilgjengelege på begge målformene, men er oppteken av at det ikkje skal gjere at fag og programområde blir valde bort på grunn av at læremiddela manglar. Bratland seier det ikkje er anna å gjere enn å øve politisk press der det er mogleg for å få fleire lærebøker også på nynorsk.

- For sterkt

Bratland synest det blir for sterkt å truge bokhandlarar med å ikkje handle med dei.

- Det går an å seie ting på mange forskjellige måtar, seier Bratland.

- Nei, det er ikkje for sterkt! Dei skjønar det ikkje utan at vi tek kraftig i, seier fylkesleiar i SV, Olav Hauge, som vil ta saka til landsmøtet i SV.