Hopp til innhold

Blir ikkje fjerna

Filmen om Norgespatriotene får vere på Youtube.

Har laget film om NorgesPatriotene
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Oslo tingrett har avgjort at filmen ikkje skal bli teken bort frå nettstaden Youtube.

Filmen handla om forholdet mellom Norgespatriotene og den nynazistiske organisasjonen Vigrid.

Leiaren for Norgespatriotene, Øyvind Heian, meiner filmen kjem med ærekrenkande påstandar. Difor valde han å gå til sak mot filmskaparane frå Molde.

Retten seier at å fjerne filmen vil vere i strid med forbodet i Grunnlova mot førehandssensur.

Les òg: Grunnlovsstridig å fjerne

Les òg: Saksøkt av høyreekstreme

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL