Hopp til innhold

Barneheimsbarn krev erstatning

Fem av dei som budde på Sunnmøre Barneheim i Ørsta i 1960-åra krev erstatning for overgrep.

Institusjonen blei driven av Sunnmøre Indremisjon fram til 1981, då fylkeskommunen tok over. Erstatningskrava gjeld både fysiske, psykiske og seksuelle overgrep.

Tilsynsansvar

Advokat Ole Erik Gussiås i Molde er advokat for dei fem. Han seier til Sunnmørsposten at dei rettar krava til Ørsta kommune fordi vertskommunen hadde tilsynsansvaret for barneheimen.

Saksbehandlar Odd Ivar Øvregård i Ørsta kommune seier at saka skal bli raskt behandla, men at dei enno er usikre på korleis dei skal handtere ho.

- Truverdige

Krinsleiar Erik Furnes i Sunnmøre Indremisjon seier at han vurderer historiene til dei fem som sterke og truverdige. - Vi prøver etter beste evne å kartleggje kva som kan ha skjedd. Vi ønskjer at alle som måtte ha liknande negative opplevingar knytte til vår organisasjon tek kontakt. Det einaste rette er å få det fram i lyset, seier Furnes til Sunnmørsposten.