– Han har i fleire tiår skilt seg ut med å bruke ein levande og god nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Solem er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt, og er sjølv eit godt føredøme, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
- For lite språkrøkt
- Det er uventa og veldig kjekt å få denne nynorskprisen, seier ein svært smålåten Odd Reidar Solem. – Det er løn for strevet med den viktigaste arbeidsreiskapen for ein journalist. Eg synst det er for lite språkrøkt i norske redaksjonar i dag, vi er meir opptekne av data og teknikk enn språkkjensle. Sjølv filar eg framleis på språket mitt, men eg er ofte misnøgd med meg sjølv, fordi direktesende omsettingar frå bokmål ikkje vert gode nok, seier Solem.
- Kry av nynorsken
Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk, og vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 26.juni. Gry Molvær er leiar for juryen, elles er sjefredaktør Tom Hetland og forfattar Olaug Nilssen med der. I grunngjevinga deira heiter det vidare :
- Odd Reidar Solem er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt, uavhengig av målform. I TV2 minner han støtt og stadig om kor viktig det er med eit presist og aktivt språk i media, og han er sjølv eit godt føredøme. Han sjonglerer med ord, uttrykk og språklege vendingar. Han gjev råd, tips og rettleiing til yngre medarbeidarar, men er like glad når han får innspel på sine eigne språklege val. Han kombinerer normert nynorsk og si eiga romsdalsdialekt på ein naturleg måte, og han er kry av nynorsken !
Frå Aukra
Odd Reidar Solem er fødd i 1949 i Aukra. Han gjekk på det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973, og arbeidde nokre år i avis før han byrja i NRK i 1977. Der arbeidde han både lokalt, nasjonalt og utanriks. Etter tolv år i NRK reiste han i 1989 til Molde, der han var redaktør for Romsdals Budstikke til 1993. Då byrja han i TV2 og vart ei av dei markerte, nynorske røystene i den kommersielle fjernsynskanalen, der han no er nyhendeanker i nyskapinga TV2 Nyhetskanalen.