Hopp til innhold

Vil løyse ambulanseproblema i Haram

Helse Sunnmøre jobbar for å finne ei løysing på problema med pasienttransporten på Nordøyane.

Storm på sjøen
Foto: NRK / NRK

Helse Sunnmøre ønskjer ei løysing på problema med pasienttransporten på Nordøyane snarast mogleg. Det sa administrarande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid Eidsvik, i fylkestinget i går.

Kravet lokalt er å sikre både ambulansebåt og bårebil på land.

Ei utfordring

Ambulansebåten Nordskyss som går mellom Nordøyane i Haram kommune har vore truga med nedlegging, etter at nye krav til bemanning av båten har ført til ein kraftig kostnadsauke.

Etter ulike omorganiseringar er allereie drosjene og båretransporten på øyane lagde ned.

Astrid Eidsvik
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Problemet er å få nokon til å utføre båretransporten på Haramsøya og Løvsøya, for dette manglar per dags dato, seier Astrid Eidsvik.

- I tillegg har me eit problem der Nordskyss ikkje oppfyller krava til medisinskfagleg kompetanse.

- Kor hardt arbeider de med å få løyst desse problema?

-Det er i vår interesse å få løyst raskast mogleg, seier Eidsvik.

- Betryggande

Cine Finstad Austnes frå Framstegspartiet i Haram seier at dette høyrest betryggande ut.

-Eg stolar eg på at den løysinga ho kjem fram til er å drive Nordskyss, i den stand den er idag. Det vil seie at me får lov til å frakte slik me har gjort i 24 år, seier Austnes.

- Hovudproblemet er at me skal ha ein fullgod transport av pasientane. For folk på øyane er dette sjølve navlestrengen til fastlandet.

Randi Walderhaug Frisvold frå Kristeleg Folkeparti er glad for at Eidsvik åpnar for at det kan vere mogleg å drive båten slik det er gjort før. Ho seier at tvilen rundt ambulansebåten har har skapt stor frykt og uro for folk på øyane.

- Me finn oss ikkje i at pasientar skal bli frakta som kveg, seier ho.