26.05.2012

Planar om innkorting Halsa - Kanestraum

Innkorting av ferjesambambandet over Halsafjorden kan spare ei ferje og halvere reisetida. Det blir folkemøte om ny fjordkryssing måndag kveld.

Ei innkorting av ferjesambandet over Halsafjorden kan vere lettare å realisere enn fjordkryssing med tunnel, meiner Statens vegvesen. Måndag kveld presenterer vegvesenet planar for ei slik innkorting på eit folkemøte i Straumsnes i Tingvoll.

Tid spart, pengar spart

Dersom sambandet blir flytta litt lenger ut i fjorden der han er smalast, blir overfartstida halvert og det trengst berre ei ferje. I dag går det to ferjer mellom Halsa og Kanestraum.

Rådgjevar Jan Stavik. Foto: Gunnar Sandvik, NRKRådgjevar Jan Stavik. Foto: Gunnar Sandvik, NRK

- Ei slik flytting betyr ei innsparing på 150-200 millionar kroner i spart reisetid og lågare ferjetakstar, seier rådgjevar Jan Stavik i Statens vegvesen.

Men takstane kan ikkje reduserast før innkortinga er betalt med bompengar og sparte subsidiar.

Lyd og video

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet