Hopp til innhold

Klart for trafikkfest

Etter meir enn 25 år med planlegging og fem år med hardt arbeid åpnar Eiksundsambandet for trafikk laurdag. Sjå frå åpninga her på våre nettsider fra klokka 12 og utover (Send gjerne bilete til mr@nrk.no)

Eiksundtunnelen - verdas djupaste biltunnel
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

660 000 arbeidstimar fordelt på fem år har gitt resultat. I dag klipper samferdselsministeren snora som markerer opninga av Eiksundsambandet på Sunnmøre. 22.000 menneske i øykommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy har fått fastlandsforbindelse. Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen er fornøgd.

- Det er sjølvsagt ein stor dag for oss som har jobba med dette i fleire år. Og på ein måte skal det bli godt å overlate ansvaret til dei som skal halde vedlike prosjektet, seier Pladsen.

Vellukka prosjekt

- Vi meiner vi har gjennomført eit vellukka prosjekt. Vi har holdt oss innanfor budsjettet, og ingen har blitt alvorleg skadde, seier Pladsen.

Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen

Oddbjørn Pladsen har vore prosjektleiar for Eiksundsambandet. Her er han under bygginga av Eiksundbrua.

Foto: NRK

Opphavleg kostnadsoverslag var på 995 millionar kroner, medan sluttkostnadane førebels er rekna til omlag 970 millionar kroner, noko som gir ei innsparing på 25 millionar kroner.

Verdsrekord

Eiksundsambandet består av den 405 meter lange Eiksundbrua og tre tunnelar. Den lengste, Eiksundtunnelen er 7,8 kilometer lang, og 287 meter djup. Det gjer den til verdas djupaste biltunnel. Men det er ikkje den einaste rekorden Pladsen har planar om å sette. Laurdag morgon blir det nemleg også arrangert sykkelritt i tunnelen.

Eiksundbrua

Eiksundbrua er 405 meter lang.

- Det er søkt om godkjenning i Guiness-rekordbok for verdas djupaste sykkelritt. Så då kan vi kanskje kunne glede oss over to verdsrekordar, håper Pladsen.

Opning

Klokka 12 laurdag er den offisielle opninga av Eiksundsambandet. Då skal mellom anna samferdselsminister Liv Signe Navarsete klippe snora. Det blir festtalar, musikk og song. Klokka 12.45 er det buss- og bilkortesje, og klokka 14 opnar sambandet for ordinær trafikk.