Hopp til innhold

Skeptiske til helvete som evig pine

Ingen av dei fire bispekandidatane svarar klart at dei trur på helvete som ein stad med evig, fysisk pine.

Bispekandidater Møre

Frå venstre: Halvor Nordhaug, Bjarne Olaf Weider, Berit Øksnes Gjerløw, Ingeborg Synøve Midttømme.

Ifølgje luthersk tru er det to klare utgangar på livet, men kandidatane kvir seg for å snakke om eld og svovel.

Neppe ny helvetesdebatt

Det blir neppe nokon ny helvetesdebatt i kyrkja når ein ny biskop blir utnemnd i Møre til våren.

På spørsmål om helvete som ein stad med evig pine, er alle dei fire bispekandidatane svært forsiktige med å svare.

Får ikkje støtte

Helvete har tradisjonelt blitt framstilt som ein brennande heit stad med eld og svovel, der pinslene aldri tek slutt. Dette synet får ikkje støtte blant bispekandidatane:

- Den som viser Gud bort, får leve utan han også evig. Eit evig liv borte frå Gud vil måtte vere pinefullt, men ikkje med eld og svovel. Dette handlar meir om eksistensiell enn fysisk pine, seier Halvor Nordhaug, som er praktikumsrektor ved Menighetsfakultetet.

Les meir om kva dei fire kandidatane meiner om helvete - ved å klikke på namna under:

Halvor Nordhaug  

Berit Øksnes Gjerløw

Ingeborg Synøve Midttømme

Bjarne Olaf Weider