21.11.2009

Bondevik innbyr til møte

Biskop i Møre, Odd Bondevik (Foto:Scanpix)

Biskop Odd Bondevik har kalla inn alle prestane, diakonane og kateketane i Møre for å diskutere situasjonen etter Kyrkjemøtet i november.

På Kyrkjemøtet på Øyer 12. - 17. november kan kyrkja kome til å seie ja til homofile samlevande prestar. Bondevik seier at mange tilsette har behov for å diskutere saka etter Kyrkjemøtet, og at han difor vil ha ei samling med dei på Vestnes.

Det er fleire år sidan sist Bondevik kalla inn til eit liknande møte.

Sakliste og saksdokument til kyrkjemøtet på Øyer

Kyrkjemøtet

  • Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.
  • Kyrkjemøtet er ordinært samla ein gong i året.
  • Representantar på Kyrkjemøtet er medlemmene av bispedømmeråda, medlemmer av Kyrkjerådet som er valde utanom bispdømmeråda, og leiarane av dei tre sentralkyrkjelege råda, i alt 86 representantar.
  • Dei tre teologiske fakulteta og 4 representantar for Ungdommens kyrkjemøte har tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet.
  • Kyrkjerådet skal blant anna uttale seg om viktige lovendringar på det kyrkjelege området, den kyrkjelege undervisninga, diakoni, kyrkjemusikk og retningslinjer for soknereguleringar. Det skal dessutan uttale seg etter pålegg frå Kongen eller Kyrkedepartementet.
  • Kyrkjemøtet vel eit Kyrkjeråd som førebur saker, set i verk vedtak og leier arbeidet mellom samlingane til Kyrkjemøtet.

 

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Mobbing er eit viktig tema (Foto: Birthe Bringsvor/NRK)

- Mobbing er ikkje eit problem i skulegarden ved Sykkylven ungdomsskule, meiner 8.klassingane Kristoffer Bonesmo, Anne Marte Eliassen, Ida Melseth og Siri Kristin Eide.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

- Mobbing er ut

Elevane ved Sykkylven ungdomsskule er einige om at det er viktig å snakke om mobbing.


Fest og feiring med bløtkake da høgskolen i Molde fikk status som vitenskapelig høgskole.  (Foto: Gunnar Sandvik/NRK)

Fest og feiring med bløtkake då Høgskolen i Molde fekk status som vitskapeleg høgskule. Førsteamanuensis Martin Risnes og prorektor Harald Hjelle.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Vert vitskapeleg høgskule

Frå 1. januar 2010 heiter Høgskolen i Molde 'Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk'.


Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK