Hopp til innhold

Satsar på vind i havet

Den nye olje-og energiministeren Åslaug Haga varslar storsatsing på vindmøller til havs.

Regjeringa vil støtte forsking på å utvikle ein teknologi for flytande vindkraftverk langt ute i havet.

Olje- og energiminister Åslaug Haga

Ole. og energiminister Åslaug Haga ser langt til havs for vindkraft

Foto: Picasa 2.7

Om Havgulprosjekta med fleire hundre vindmøller utanfor kysten av Møre og Romsdal, seier statsråden at dei er avhengig av å ha ein folkeleg aksept for satsinga .

Flytande vindmølller til havs

Flytande vindmøller til havs

Foto: Illustrassjon: Solberg production/Hydro

Formidabelt potensiale

- Det tekniske potensialet på havvindmøller ser ut til å vere heilt enormt, seier Åslaug Haga.

Det dreier seg om energi fleire hundre gonger den energien vi forbruker i Noreg pr. år, men dette er langt fram – tidsperspektivet kan vere så langt som 15-20 år.

Energien i vinden som bles forbi utanfor kysten vår er formidabel: Enova antyder eit potensial på 14 000 TWH – rett nok eit teoretisk potensial.

Manglar teknologi

- Vi har ikkje teknologi i dag som gjer det mogleg å drive flytande vindkraftverk langt ut til havs på store havdjup, men målet vårt er å kome dit, seier Åslaug Haga.

Mange aktørar arbeider med dette og nokre har kome langt, seier ho.

Demonstrasjonsprogram

Olje- og energiministeren vil etablere eit demonstrasjonsprogram for utvikling og introduksjon av nye fornybare energiteknologiar offshore. Dette programmet skal blant anna bidra til å utvikle og prøve ut nye teknologiar knytta til havvindmøller.

Det ligg ein søknad hos Enova som kan ende med støtte på fleire titals millionar kroner til StatoilHydros prosjekt "Hywind" – eit vindkraftprosjekt ute i havet med flytande vindturbiner.

Åslaug Haga meiner at Noreg med det sterke teknologiske offshoremiljøet har gode forutsetningar for å ligge i front i utvikling av vindmøller til havs.

Mindre konfliktar

- Inneber satsinga av vindmøller til havs at planar om fleire vindmøller på land blir lagt på is?

Nei, det betyr ikkje det, men den store fordelen med havvindmøller er at vi unngår nokre av dei konfliktane vi får med vindmøller på land, seier Haga.

Det er ikkje problemfritt å legge vindmøller til havs og vi skal vere obs på problema knytta både til fiskeri, fugleliv og koraller på botn, men konfliktpotensialet er mindre enn på land, meiner Haga.

- Vi må tenke både kortsiktig og langsiktig. Vindkraft til havs ligg fleire år fram i tid. Vindmøller på land kan vi få til i dag.

Folkeleg aksept

Om dei store planane til Havgul om vindparkar i havet utanfor Møre og Romsdal, er statsråden forsiktig med å meine noko sidan søknadane er til behandling.

- Men vi er avhengig av å ha ein folkeleg aksept også for satsinga vår på fornybar energi, seier Haga, og det er ikkje til å stikke under ein stol at det er store konfliktar om vindmøller. - Vi er opptekne av å ta folk på alvor, men veit også at det er ulike meiningar om dette.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL