Hopp til innhold

Helsetilsynet gløymde saker

Helsetilsynet i Møre og Romsdal gløymde å handsame 20 saker. Dei eldste sakene kom inn allereie for to år sidan. Fylkeslege Bergljot Vinjar seier seg lei for det som har hendt.

 

Bergljot Vinjar
Foto: privat

Dette er i hovudsak pasientar som klager på behandlinga dei har fått på sjukehus, institusjonar og på legekontora.

Stor utskifting på avdelinga 

Feilen vart avdekt under ein internkontroll no i haust. Fylkeslege Bergljot Vinjar seier seg lei for det som har hendt.- Det er vel ein svikt i dei systema me har i avdelinga, og som me no gjer alt me kan for å få endra på, seier ho.

I oppryddinga fann Helsetilsynet 20 saker som ikkje var handsama. 10 av dei var frå 2005 og 10 frå 2006. Vinjar har inga god forklaring på det som har skjedd, men peikar på at avdelingen har vore utsett for eit stort arbeidspress.

- Det kom opp fordi avdelinga hadde ein grundig restansekontroll. Også som eit resultat av at me over tid har hatt mange nytilsetjingar, og mange som har slutta i avdelinga, seier ho.

Ord mot ord

Kontrollen var for å få oversikt over kva dei hadde å jobbe med. Dei har no sendt ut brev til avsendarane av klagene, med ei beklaging for at sakene har vorte liggande.

- Me har også sendt ut brev til dei som har blitt innklaga for å få tilleggsopplysningar, og desse sakene vil sjølvsagt bli prioritert, seier Bergljot Vinjar.

Ho seier det kan vere problem for sakene sidan det har gått opp til to år frå dei hende, til dei blir handsama. Dermed blir det lett ord mot ord. Vinjar seier dei er avhengige av å basere sakene sine på skriftlege kjelder.