Tidleg mørketidsdepresjon

Dårleg ver i sommar og i haust har ført til at fleire har fått mørketidsdepresjonar alt i september. Vanlegvis er det tida etter jul som er høgsesong for versjuke.
Publisert 24.09.2007 05:40.
- Skriv ut
Ann Charlotte Franke er akupunktør og homeopat i Ulsteinvik. Ho tilbyr lysbehandling, og ho opplever at svært mange av pasientane er deprimerte på grunn av veret.
- Eg får besøk av mellom 15 og 20 personar kvar dag, og dei siste vekene har jamt over halvparten av desse klaga si naud over veret, fortel ho.
Spesielt tidleg
Franke fortel at ho ikkje har opplevd så stor pågang så tidleg på året før.
- I fjor hadde vi ein kjempe flott haust, med sol langt ut i oktober. Det merka eg også på pasientane mine. No er veret grått og trist, og sjølv om det berre er september enno, slit svært mange med versjukdom, seier ho.
Dagslys er løysinga
Dårleg motivasjon, lite arbeidslyst og problem med å stå opp om morgonen er nokre av teikna på versjuke eller mørketidsdepresjon. Men det fins enkle råd for dei som ikkje er alvorleg angripe, fortel Franke.
- Ein time med dagslys kvar dag, uansett ver, det hjelp, seier ho.
- Sjølv om det er grått og trist, så er det viktig å kome seg ut og halde seg i aktivitet. Då kan motivasjonen og humøret kome tilbake.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen
- Vurderer verneplikt for kvinner
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga


Februar 3



