Vindmølleparken stengd

Området ved vindturbinane på Smøla er mellombels stengt for vanleg ferdsel. Bakgrunnen er ei alvorleg ulykke då ein vindturbin nyleg braut saman i USA.
Publisert 28.08.2007 07:34. Oppdatert 28.08.2007 11:22.
- Skriv ut
Ulykka skjedde sist laurdag i ein vindkraftstasjon i Oregon. Tårnet som held sjølve turbinen og rotorblada knakk i to litt ovanfor midten, og ein vedlikehaldsarbeidar på toppen døydde i fallet, skriv avisa The Oregonian. Ein annan arbeidar inne i tårnet blei alvorleg skadd.
Fleire knekte tårn
Avisa skriv også at eit liknande tårn i eit anna vindkraftverk i Oregon blei bøygt og vridd i eit kraftig vindkast i fjor. I 2005 knakk eit turbintårn i Oklahoma i to, og i januar i år braut eit tårn saman i Japan.
Ukjend årsak
Det er Siemens som har bygt både vindturbinen som braut saman i USA laurdag og vindkraftverka på Smøla, Hitra og i Kjøllefjord. - Vi set omsynet til tryggleiken øvst, og vil vere på den sikre sida til vi veit årsaka til ulykka i USA. Derfor stengjer vi no vindparkane våre for vanleg ferdsel, seier pressetalsmann Knut Fjerdingstad i Statkraft.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly


Februar 4



