Hopp til innhold

Fekk kreftdiagnosen eitt år etter

Ei kvinne frå Romsdal har klaga Ålesund sjukehus inn for Norsk Pasientskadeerstatning.

Kvinna meiner det var ein alvorleg svikt i rutinane ved sjukehuset, då ein cyste som ikkje vart kontrollert på sjukehuset, eitt år seinare viste seg å vere kreft.

I journalar ho har fått frå sjukehuset i ettertid, skal det ha stått at dei hadde glemt å ta prøvane og at ho difor måtte kome tilbake seinare.

Men kvinna fekk aldri beskjed om dette, og prøvene vart aldri tatt.

Nesten eitt år etter at cysten vart funnen vart kvinna sendt til Molde sjukehus med blødningar. Her fann legane ut at ho hadde eggstokkreft.

Ho vart sendt til operasjon ved St.Olavs hospital i Trondheim og har fått cellegift i Molde.

Pasientombod i Møre og Romsdal, Astrid Mollan kan ikkje seie noko om denne saka, men trur ikkje det er fyste gongen at noko slikt skjer.

- I ein god del av dei sakene som kjem, ligg det rutinesvikt bak. Nesten alle pasientane seier dei vil klage det inn fordi dei ikkje vil at andre skal få oppleve det same, seier Mollan.

Norsk Pasientskadeerstatning har starta behandlinga av saka, men har ikkje kome til nokon konklusjon enno.