Hopp til innhold

På vikingvis

Vikingar frå nær og fjern møttest i helga på Leikvin Kulturminnepark ved Grøa i Sunndalen på Nordmøre til skikkeleg vikingmarknad, sosialt samvær, utveksling av kunnskap og litt fredeleg tevling i bogeskyting.

Vedhogging på vikingmarknaden

Kledd som vikingar og med reiskap frå ei svunnen tid på vikingmarknaden i Leikvin Kulturminnepark

Foto: Picasa 2.6

  

Barna leika gamle leiker

For dei yngste var det gamle leiker som pinnekasting inne på tunet på Leikvin.

Foto: Picasa 2.6

 

Historisk grunn

Dei var samla på historisk grunn inne på det vakre tunet på Leikvin – like ved Løykja gravstad som er eit av dei største vikinggravfelta i heile Noreg.

Omvising på dei gamle gravplassane høyrde med, men sjølve marknaden var inne på tunet ved bygdemuseet.

Hit kom dei i helga - mørevikingane og langveisfarende vikinger frå andre delar av landet - til og med frå Sverige kom det vikingar til marknaden.   

 

 

Spikking og kaffekoking på vikingemarknaden

Spikking og kaffekoking på vikingemarknaden

Foto: Picasa 2.6

   

Både kunst og handverk

Nordmøre Museum samarbeidde med det nystifta Møre Frie Vikingar om vikingmarknaden som lokka mange skodelystne – gamle og unge - til å sjå gamal vikingkultur, handverk, smykke, våpen og reiskap.

Frå Sverige kom smykkekunstnarar utkledde som vikingar for å selje sine steinalder- og vikingesmykke.    

 

 

Hovding fro Møre Frie Vikingar, Arve Yndestad

Arve Yndestad er hovding for nystifta Møre Frie Vikingar

Foto: Picasa 2.6

 Møre Frie Vikingar

Møre Frie Vikingar blei skipa 13.januar i år og er inne i ein oppbyggingsfase. Hovdingen Arvid Yndestad og hovdingkona Margit kom frå Ålesund til vikingmarknaden.

Som keramikar syns Arve Yndestad det er interessant å sjå på utviklinga og formspråket dei hadde i bronsealder og vikingetid.   

 

 

Jan Kåre Blindheim lagar eigne boger

Frå Ulsteinvik kom Jan Kåre Blindheim for å vise sine heimelaga boger.

Foto: Picasa 2.6

- Vikingane var eit farandes folk, seier Mørehovdingen, og det er litt av den historiske anda som dei hadde som vi ynskjer å vidareføre, seier Yndestad.

Med pil og boge

På vikingemarknaden inne på Leikvintunet synte dei fram mykje gamle reiskaper som vikingane nytta til å byggje med, lage mat og klede og  til våpen til å jakte med.

Frå Ulsteinvik kom den opphavelege nordmøringen Jan Kåre Blindheim. Han har i mange år interessert seg for boger. Han lagar sine eigne boger og piler bygt på modellar av vikingeboger funne i gamle graver.

- Med ei slik boge kan ein skyte pila 300-400 meter og treffe blinken på standaravstanden på 18 meter, seier Blindheim.    

 

 

Vikinghøvdingen frå Borre med høvdingekona

Vikinghøvdingen frå Borre med høvdingekona

Foto: Picasa 2.6

Borrevikingar

Frå landets største vikinglag – Borre Vikinglag kom hovdingen sjøl, Jørg Ivar Høien og hovdingekona Marit.

– Du må ha historisk interesse og ha litt lag for handverk for å bli viking, seier Borrehovdingen. For den som ikkje kan for mykje vikinghistorie held dei kurs for styrke interessa.