Hopp til innhold

Testing av CO2-fangst

Testinga av eit anlegg for CO2-fangst som kan bli brukt i det planlagte gasskraftverket på Tjeldbergodden, skal starte no i mai.

Blant 12 aktuelle leverandørar av slike anlegg har dei samarbeidande selskapa Statoil og Norske Shell valt ut 3 som skal testast nærare, skriv Nordvestnytt.

2000 timar

Det japanske selskapet Mitsubishi og det amerikanske Fluor skal teste sine anlegg i heimlandet. Det canadiske Can-Solv testar sitt på Risavika gassenter i Sola kommune. - Vi har stilt krav om at testperioden skal vare minst 2000 timar, og testinga i Risavika startar no i mai, seier Øistein Johannessen i Norske Shell til NRK Møre og Romsdal.

Endeleg avgjerd i 2008

Det er Statoil og Norske Shell som arbeider med planane om eit gasskraftverk med CO2-reinsing på Tjeldbergodden i Aure. Øivind Johannessen reknar med at dei før årsskiftet bestemmer seg for kven som får levere anlegget for CO2-fangst dersom det blir gasskraftverk. I løpet av 2008 skal dei ta den endelege avgjerda om prosjektet på Tjeldbergodden skal gjennomførast. - Vi har ikkje god tid, seier Johannessen. - Blir gasskraftverket bygt, skal det stå ferdig i 2011-2012.

Målet er at reinseanlegget skal fjerne 85 prosent av den CO2-gassen som kraftverket slepper ut. I tillegg blir CO2-utsleppa frå plattformene reduserte fordi dei skal få straum frå kraftverket på land.

CO2-anlegg

Det finst fleire anlegg for CO2-fangst rundt om i verda. Det som er planlagt på Tjeldbergodden blir 10 gonger større enn det største som finst i dag - eit anlegg som Mitsubishi har bygt i India. Der blir karbondioksidet brukt til kunstgjødselproduksjon. CO2 frå Tjeldbergodden skal førast tilbake under havbotnen og brukast til å utvinne meir olje og gass.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL