Best i landet

Ungdomsbedrifta Eleptic frå Sunnmøre fekk prisen for beste ungdomsbedrift i Noreg. Dei slo ut 2000 andre bedrifter, med sin fleirfunksjon-puff.
Publisert 05.05.2007 16:04.
- Skriv ut
Dei unge grunderane fekk prisen på norgesmesterskapet i ungdomsbedrift 2007 på Lillestrøm laurdag.
Eleptic fekk prisen for sin multifunksjonelle puff.
No skal dei vidare til europamesterskapet i ungdomsbedrift i Berlin. Dei unge skaparane var overvelda rett etter prisutdelinga:
- Dette kom heilt uventa, men vi lovar å gje alt i EM!
Unik prestasjon
Ungdommane frå Sykkylven - og Ålesund vidaregåande skule konkurerte mot 2000 andre ungdomsbedrifter. Prisen blei delt ut av Skaparen-dommar Katinka Greve Leiner, som var imponert over Eleptic UB:
– Prestasjonane deira står ikkje tilbake for det eg har sett når eg har farta land og strand rundt.
Nyttigjort lokalt næringsliv
Juryen grunngav 1. plassen med mellom anna dette:
”har satsa på kvalitet og har utnytta næringslivet sin regionale spisskompetanse på ein særskild god måte. Juryen frammhevar at bedrifta har skaffa seg viktig kompetanse ved å samarbeide på ein meir utradisjonell måte.”
Eleptic UB fekk også førsteprisen for beste brosjyre, og kom på andreplass i konkurransen om beste utstilling. Andre ungdomsbedrifter frå Møre og Romsadal som fekk prisar var Øya UB frå Ålesund, og Quadrifolium UB frå Molde.
(NRK)
Siste: Møre og Romsdal
- Twitter gjev media konkurranse
- Kronprinsen heidra krigsveteran
- Ferjekaos i pinsetrafikken
- Kronprinsfamilien besøkte Herøy
- Nå er det Brattvåg sin tur
- Siste mjølkeskvett frå Høgset
- Slik blir streiken utvidet
- Kronprinsparet på besøk i Herøy
- Lasteskip tar inn vann
- Då Kronprinsparet lagde folkefest i Hareid
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
- Twitter gjev media konkurranse
- Kronprinsen heidra krigsveteran
- Ferjekaos i pinsetrafikken
- Kronprinsfamilien besøkte Herøy
- Nå er det Brattvåg sin tur
- Siste mjølkeskvett frå Høgset
- Slik blir streiken utvidet
- Kronprinsparet på besøk i Herøy
- Lasteskip tar inn vann
- Då Kronprinsparet lagde folkefest i Hareid

Kronprinsfamilien besøkte Herøy




