Hopp til innhold

Miste to born i ulukker

Her kan du lese historia til ekteparet Myrthel og Råger Emblem frå Ålesund. 15 april miste dei sonen sin Ronny i Bourbon Dolphin-ulukka. Men det var ikkje første gong tragedien råka familien.

Råger og Myrthel Emblem
Foto: Brede Røsjø / NRK

For seks år sidan omkom det andre barnet dei hadde, dottera Tonje, i ei bilulukke. Historia til familien Emblem i Ålesund er eit sterkt vitnesbyrd frå to menneske som har mist begge borna sine i ulukker.

Miste dottera i 2000

Første gong tragedien råka familien var ein vårdag i 2000. Ronny Emblem feira 19-årsdagen sin på Remøya i Herøy saman med venene sine og søstera. På tilbaketuren dagen etter sat Tonje i den første bilen, Ronny følgde i bilen bak. I ein sving gjekk det gale.

Tonje miste livet 17 år gammal, og Ronny var vitne til ulukka. Faren Råger fortel at Ronny hadde skuldkjensle etter at søstera omkom.
- Han bebreida seg sjølv for å ha feira bursdagen sin på ein stad der dei måtte køyre for å kome heim. Ulukka prega han i lang tid, fortel faren.

Redd då Ronny reiste til Afrika

Men Ronny kom gjennom den tragiske hendinga. Han tok maskinisteksamen - fordi Tonje ville ha likt det, som han sa. Ronny fekk arbeid på eit skip utanfor Angola. Men foreldra sat igjen med frykta for å misse det barnet dei hadde att.

- Då han reiste, kom redselen igjen, seier Myrthel. - Så langt vekk. Lange flyturar, redsel for kva som møtte han der nede. Men for eit år sidan kom Ronny heim og fortalte at han no hadde fått jobb her heime. Det var slutt på lange flyturar til Afrika og til farlege område andre stader i verda. - For første gong  følte eg meg endeleg trygg, seier Myrthel. - Vi tenkte at Bourbon Dolphin er den tryggaste båten han kan vere på.

Likevel hende det umoglege. Førstemaskinist Ronny Emblem var om bord den kvelden Bourbon Dolphin kantra utanfor Shetland. Sju menneske miste livet. Trass i sjokket - alt neste dag drog Myrthel og Råger til Shetland. - Vi ynskte å være så nær som mogleg, seier dei.

På Shetland fekk dei møte dei overlevande, som fortalde det dei visste om Ronny og dei han var saman med. - Dei fortalde at nokre minutt før ulukka vart Ronny observert i maskinrommet på båten, seier faren.

Håpet levde så lenge båten flaut

Ronny var utdanna redningsdykkar, og det var overlevingsdrakt i maskinrommet. Dette gav dei to håp om at guten kunne vere i live, sjølv fleire dagar etter kantringa.

Under opphaldet på Shetland vart det halde minnestund blant pårørande og overlevande, men Myrthel og Råger ønskte ikkje å delta. 
- Vi hadde framleis ikkje fått stadfesta at Ronny var død. Derfor ønskte vi ikkje å vere med i minnestunda på Shetland. Det hadde ikkje vore rett, fortel Myrthel Emblem.

Søndag kom dei fleste pårørande tilbake til Vigra, men Myrthel og Råger vart verande att på Shetland. Så lenge båten flaut, hadde dei tru på at Ronny kunne leve. - Vi sa til kvarandre då vi reiste dit bort at vi skulle ha med Ronny heim, levande eller død. Derfor følte vi at det ikkje var rett å reise heim når han kjempa sin største kamp for å overleve, seier faren.

Båten går ned

Men søndag kveld måtte dei tåle endå eit slag. Minnet har brent seg fast hos dei to. - Tond Myklebust i reiarlaget stod ved ein stol. Så sa han til oss: "Vi har mista båten..."  Eg gløymer aldri dei orda. Då raste alt saman for oss, fortel Myrthel.

Dei drog til Shetland for å hente guten sin heim, død eller i live. Det dei fekk med seg, var eit glas med sjøvatn, sand frå stranda og ein liten stein som symboliserer båten på havsens botn. Under heimreisa sirkla dei tre rundar over staden der båten låg. - Det var tomt hav rundt, og vi visste at det var siste gong vi fekk sjå staden der Ronny låg, under oss på 1100 meters djupne.

I dødsannonsen valde dei å skrive 15. april som dødsdag, den dagen båten gjekk ned. Også Tonje, som døydde for seks år sidan, stod i annonsen.

- Eg har spurt meg sjølv mange gongar kva gale eg har gjort i livet som skal straffast slik, seier Råger. Myrthel har sin måte å takle situasjonen på. Ho seier at ho har to val: anten å hate Gud eller å elske Gud. - Eg har valt det siste. Eg er glad eg ikkje har fleire born. Då slepp eg angsten og redselen for endå ein gong å miste eit barn, seier Myrthel Emblem.