Populært med private barnehagar

Dei private barnehagane er i ferd med å ta over for dei offentlege. I Møre og Romsdal har det kome 21 nye private barnehagar på berre fire år. Samstundes har det blitt 11 færre offentlege.
Publisert 25.04.2007 05:42.
- Skriv ut
I 2006 hadde 235.000 barn barnehageplass i Noreg. 46% av desse hadde plass i private barnehagar, 54% i offentlege.
I Møre og Romsdal var det 319 barnehagar i 2006. 189 offentlege og 130 private. Dei siste fire åra har talet på private barnehagar auka med 21, medan talet på offentlege barnehagar har minka med 11.
Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå.
Bygde barnehage til dottera
Då Bjørn Grønmyr ikkje fekk barnehageplass til dottera si som vart fødd i 2000, tok han spada i eigne hender og bygde ein barnehage, med hjelp frå andre foreldre. No står han bak Grønmyr Barnehage AS som driv seks private barnehagar på Sunnmøre. Og det har skjedd fort.
- Vi hadde ikkje trudd dette i starten. Utgangspunktet var å skaffe barnehageplass til dottera mi. Men så balla det på seg, og den ballen gjekk fort, seier Bjørn Grønmyr.

Bjørn Grønmyr bygde ein barnehage til dottera då ho ikkje fekk barnehageplass.
Foto: Janne-Marit Myklebust/NRKOgså utanfor fylket
I tillegg til dei seks barnehagane har firmaet no fleire prosjekt på gang.
- Vi held på med ein barnehage i Fosnavåg, og håper på å få i boks ei avtale om ein barnehage i Ulsteinvik. I tillegg har vi også planar i Bergen og Oppdal, fortel Grønmyr.
Kranglete kommunar
Grønmyr fortel at ikkje alle kommunar er glade for at det har vorte større konkurranse mellom dei offentlege og private barnehagane.
- Mange kommunar er flinke, medan andre har litt vanskelegare for å bestemme seg for kva hatt dei skal ha på, seier han.
- Nokre ser på oss som konkurrentar i staden for å sjå på oss som eit tilbod til dei som bur i kommunene. Men dei har ei litt delt rolle. På den eine sida skal dei legge til rette for oss, i tillegg er dei konkurrentar fordi dei driv eigne barnehagar, og så er dei tilsynsmyndigheit. Ikkje alle klarer å dra heilt klare linjer mellom dette.

Sjørøverskute i Grønmyr barnehage, Ratvika.
Foto: Janne-Marit Myklebust/NRKMen Grønmyr trur mange kommunar hadde slitt viss ikkje dei private aktørane hadde kome på bana.
- Nokon ville kanskje bygd nokre av dei barnehagane vi har bygd, men eg trur mange fleire barn ville stått utan barnehageplass utan oss.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila


Februar 4



