Hopp til innhold

Oppdølsstranda blant dei farlegaste

Oppdølsstranda i Sunndal er ei av dei styggaste skredutsette vegstrekningane i landet, seier leiaren for Nasjonal rassikringsgruppe.

Nasjonal rassikringsgruppe på Oppdølsstranda
Foto: Roar Strøm / NRK

Gruppa har representantar frå dei sju mest skredutsette fylka i Noreg, og er torsdag og fredag denne veka på synfaring i Møre og Romsdal.  Torsdag formiddag besøkte gruppa Oppdølsstranda mellom Sunndalsøra og Ålvundeid.

 

Åshild Kjeldsnes, Nasjonal rassikringsgruppe
Foto: Roar Strøm

Stygge område

- Vi driv ikkje med prioritering mellom prosjekt, det må fylka ta seg av. Vår oppgåve er å fram det samla biletet og på den måten trykkje på for å få større løyvingar til skredsikring. Når det gjeld skredfare, er det så mange stygge område i landet vårt, og dette er eitt av dei, seier leiaren i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjeldsnes, då ho besøkte Oppdølsstranda. 

 

 

- Å spare kan bli dyrt

Åshild Kjeldsnes meiner at økonomien er altfor rådande når det gjeld vegprosjekt i dag. - Ein får klapp på skuldra når ein sparer nokre millionar, og så gjer ein ikkje gode nok vurderingar. Det seier også noko om det fagnivået vi har. Det blir veldig kostbart i lengda viss ein ikkje gjer godt nok arbeid frå starten av, seier ho.

Ein tunnel

- På Oppdølsstranda er det berre ei fullgod løysing: ein lang tunnel på heile strekninga, seier Iver Nordseth i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. - Det blir dyrt - vi snakkar om 400-500 millionar kroner. Men det må til!

I dag er det tre tunnelar på den svært rasfarlege strekninga.

Den nasjonale rassikringsgruppa ser torsdag ettermiddag på E136 mellom Åndalsnes og Vågstranda, og fredag besøkjer dei Storfjorden og ser på den nye Alnestunnelen på Godøya. 

 

 

 

Nasjonal rassikringsgruppe
Foto: Roar Strøm