21.03.2010

Rema 1000 skulda for appelsin-bløff

Jaffa frå Spania (Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRK)

Fire Rema 1000-butikkar i Ålesund er melde til politiet for brot på marknadsføringslova og forbrukarlova. Jaffa-appelsinar frå Israel har  vore merkte med Spania som opphavsland.

AUF og Sosialistisk Ungdom hevdar dette er ei bevisst handling frå butikkane si side.

Ungdomsaksjon

 I dag aksjonerte dei utanfor Rema 1000 i Nedre Strandgate i Ålesund, der dei delte ut løpesetlar til kundane. Ungdomspartia til Arbeidarpartiet og SV vil også sjekke andre butikkar i Møre og Romsdal.
- Vi oppmodar kundane til å levere inn att appelsinane dei har kjøpt, seier aksjonsleiar Frank Nedregård i AUF. Han trur at mange forbrukarar har eit medvite forhold til kva varer dei kjøper, og at mange vel bort produkt frå Israel.

Feil på plakaten

Dei to ungdomspartia har oppmoda til boikott av israelske varer og meiner at Rema 1000 fråtek kundane fridomen til å velje bort israelske produkt når varene er merkte med feil opphavsland. Kjøpmann Tore Havnegjerde ved Rema 1000 i Nedre Strandgate i Ålesund seier at det heile skuldast ein feil ved overføring av nye prisar. Rema 1000 har no skifta ut plakatane på appelsinkassene.

(NRK)

Bildegalleri frå Møre og Romsdal