- Oppmoding til homofili
Bystyret i Ålesund utsette torsdag spørsmålet om å lage ein handlingsplan for homofile. Ein KrF-representant meinte at å lage ein handlingsplan er å oppmode til homofili.
Publisert 02.03.2007 11:48.
- Skriv ut
Mange av ålesundspolitikarane var imot å lage handlingsplanen, blant anna fordi dei ville prioritere andre tiltak høgare. For Johan Grytten frå Kristeleg Folkeparti var dette ei prinsippsak:
- Ikkje naturleg
- Etter mitt kristne livssyn er det ikkje ein naturleg tilstand å vere homofil - det er noko ein kan komme vekk frå, seier Johan Grytten til NRK. - Eg ser det ikkje som det ideelle at folk skal hjelpast til å vere homofile eller at det skal leggjast til rette for det. Dette er mitt klare syn, så får folk heller dømme meg nord og ned.
Grytten meinte også at støtte til barn av rusmisbrukarar og til menneske med psykiske problem var betre formål å bruke pengane på.
- Minske fordommar
- Homofil er ikkje noko ein blir oppmoda til å bli, det er noko ein er, seier Arild Opsal, sjølv ung homofil. - Ein kommunal handlingsplan går ut på å tilrettelegge og å minske fordommar slik at vi slepp ein situasjon som i dag, då ein av fire unge homofile har prøvd å ta livet sitt. Andre kommunar lagar slike planar, men Ålesund er gammaldags. Det er vanskeleg å vere homofil i dag, dette gjer det ikkje lettare, seier Opsal.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer får sparken
- Prøysens ærespris til DumDum Boys
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen


Februar 3



