- Ein boom utan sidestykke
Den maritime næringa i Møre og Romsdal har auka omsetninga med 10 milliardar kroner på tre år.
Publisert 28.02.2007 06:37.
- Skriv ut
Det viser ein analyse som Møreforsking har gjennomført, og som blir offentleggjort på Høgskulen i Ålesund i ettermiddag.
Det har vore ein boom utan sidestykke, seier økonomiprofessor Arild Hervik som har vore med å laga rapporten.
Gode etter 2010
Forskarane trur marknaden for den maritime næringa også vil vere svært god etter 2010.
- Det er to grunnar til det. Med den høge oljeprisen vil det løne seg å bore etter olje og då vil det vere behov for å byggje supplybåtar og ankerhandteringsfartøy. Dernest vil det vere behov for å fornye dei båtane som allereie er i bruk, seier Hervik.
Det betyr arbeid for skipsverfta og bedrifter som leverer utstyr. Mange er full-booka fram til 2009-2010, men forskarane trur ikkje det stoppar her.
- Mange har frykta at ballongen vil sprekke, men det er all grunn til å sjå på framtida med optimisme, seier Hervik.
Tette band
Det er eit tett samspel og det er tette band mellom reiarar, skipsverft, utstyrleverandørar og skipskonsulentar i Møre og Romsdal. Det er dette som blir kalla den maritime klynga. Dette gir næringa kraft og styrke, meiner forskarane.
- Desse banda har lang tradisjon og dei har styrka seg dei siste åra, meiner Hervik.
Oljeprisen
Så lenge det løner seg å bore etter olje sit den maritime næringa på den gyldne grein. Trusselen er ein oljepris i fritt fall. Men låg oljepris vil vere et forbigåande fenomen, trur forskarane.
- Vi trur ikkje oljeprisen vil halde seg låg så veldig lenge og når den kjem opp att vil det vere behov for å byggje båtar, seier Hervik
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Vurderer verneplikt for kvinner
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- Gutter og jenter møtes hver for seg
- Qvigstad hardt ut mot lekkasjar
- Åpner for å påstå Breivik-straff
- Nesten ingen vil ha Siv
- Lysbakken legger seg flat


Februar 3



