Hopp til innhold

Mose kan stoppe kraftverk

Ein utryddingstrua moseart i eit elvefar kan stoppe planane om Gryta kraftverk i Rindal.

Frå Gryta-elvefaret i Rindal
Foto: Geir Gaarder

NVE har gitt konsesjon til å byggje kraftverket i ei sideeelv til Surna, men Naturvernforbundet meiner at vedtaket byggjer på sviktande grunnlag.

 

Gryta-elvefaret i Rindal
Foto: Geir Gaarder

 

Mose på "raudlista"

I elvefaret der det no kan bli kraftutbygging, veks fakkeltvebladmosen. Denne mosen står på den nasjonale lista over trua artar - den såkalla raudlista. Fakkeltvebladmosen er sjeldan både i Noreg, Sverige og Finland, seier fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet.

 

Øystein Folden, Naturvernforbundet

Biologisk mangfald

Då Gryta Kraftverk AS søkte om konsesjon, la selskapet ved ein rapport om det biologiske mangfaldet i utbyggingsområdet som Naturvernforbundet meinte var for tynn. NVE gav likevel løyve til utbygginga. Dette vedtaket har Naturbvernforbundet klaga på , men NVE held fast på vedtaket. Saka er no send over til Olje- og energidepartementet, og Øystein Folden meiner det er sannsynleg at departementet kjem til å gjere om konsesjonsvedtaket.

Minstevassføring

Dagleg leiar i Gryta Kraft AS, Ole Bjørn Grytbakk, er ikkje uroa over framtida til fakkeltvebladmosen. - Selskapet er pålagt å ha ei minstevassføring på 100 liter i sekundet mellom 15. mai og 15. oktober, og dette sikrar det biologiske mangfaldet, seier han.