Hopp til innhold

Utestengde etter julebord

Fleire av dei tilsette ved Hydros Ormen Lange-anlegg på Aukra blei utestengde frå arbeidsplassen dagen etter julebordet.

Ormen Lange-anlegget, Aukra
Foto: Norsk Hydro ASA/Øivind Leren

Det blei tatt promilleprøve av mellom 10 og 15 tilsette morgonen etter, og fleire av dei hadde ein promille på over 0,2.

Dagen derpå

Arbeidarane på det store anlegget der gassen frå Ormen Lange-feltet skal førast i land, utfører mange risikofylte oppdrag. Tryggleiken skal alltid vere i høgsetet. Men den siste laurdagen i november var det julebord i idrettshallen på anlegget i regi av Hydro, og etter julebordet var det mykje som gjekk gale.

Dei tre skifta fekk kvar sin julemiddag med to alkoholeiningar, dvs. to flasker øl eller to glas vin. Alt var slutt litt over klokka 21. Etterpå var det fleire som forlet anleggsområdet og fortsette festen på hotellet. Då dei kom tilbake, blei nokre av dei observerte i det LO-tillitsvald Truls Olav Nilsen kallar "godt påseilet tilstand". - Dei gjekk med på å bli promilletesta av Securitas dagen etter for å sjå om dei var kapable til å gå på arbeid. Somme av dei blei då nekta å komme inn på arbeidsplassen, seier Nilsen.

Stor arbeidsplass

Det er om lag 3500 som arbeider på Ormen Lange-anlegget på Nyhamna, og berre eit fåtal er tilsette i Hydro. Alle dei som blei utestengde på arbeidsplassen, er tilsette hos underleverandørar til Hydros kontraktørar. - I siste instans blir det den enkelte arbeidsgjevar som må bestemme om dette skal få følgjer for dei som hadde for høg promille, seier Dag Ryen Ofstad i Hydro.