Hopp til innhold

Skal kartlegge silda

Måndag drar tre båtar ut frå Ålesund for å kartleggje kor mykje vårgytande sild som finst.

I dag drar tre båtar ut frå Ålesund for å kartleggje kor mykje vårgytande sild som finnst. Med seg har dei forskarar frå Havforskingsinstituttet som skal vere med på tokt langs heile kysten i 2 veker framover. Resultatane skal brukes til å fastslå kvoter på silda, og dermed kor mykje som finnes i havet.

Dei tre båtane som legg ut på tokt er «Inger Hildur» frå Molde, «Nybo» frå Misund og «Ligrunn» frå Sotra. Med seg har dei forskarar frå Havforskingsinstituttet som skal vere med på tokt langs heile kysten i to veker framover.

Ved hjelp av fartøy utstyrt med ekkolodd skal dei sjå nedover i vatnet, og undersøke for mykje fisk som er under båten til ei kvart tid. Resultata skal brukast til å fastslå kvotar på silda, og dermed kor mykje som finst i havet

– Vi skal måle kor mykje sild som står i de forskjellige gytefelta, som kjem enten frå havet eller fjordane, og deretter kome fram til eit totalestimat av mengde sild per årsklasse, seier Arild Slotte, forskingssjef pelagisk fisk ved Havforskingsinstituttet.

Er spent på resultatet

Arnt Inge Nygård er skipper på båten «Nybo», som er ein av dei tre fartøya som skal vere med på å kartlegge silda. Han ser fram til eit godt samarbeid og er glad for at dei endeleg er tilbake på gytetokt.

– No håpar vi å få det rette anslaget av totalmengda sild, seier Nygård.

Han meiner det er viktig å få kartlagt kor mykje sild det er som finst i havet, slik at ein kan gjere justeringar i sildekvoten.

– Ein er nøydd til å overvake bestanden for å få ei viss oversikt. No håper vi å få det rette anslaget av totalmengda sild, seier Nygård.

Han er spent på kva resultat vil vise.

– Vi har ikkje greidd å aksepterer at det er så lite sild der ute som forskarane seier det skal vere. Vi opplever at det er mykje meir når vi er ute på felta, seier Nygård.