Hopp til innhold

Kan bli kamp om det nye fengselet

Det kan bli kamp mellom kommunane om å få det nye fengselet som skal plasserast på Sunnmøre.

Ålesund fengsel

Det kan bli kamp om det nye fengselet på Sunnmøre.

Foto: Sara Lovise Roaldseth

Sunnmøre regionråd har peika ut ti område som aktuelle for eit nytt fengsel på Sunnmøre. I slutten av månaden blir det synfaring for å finne plassen som er best eigna.

– Det er fleire sunnmørskommunar som har meldt sin interesserte, seier styreleiar i Sunnmøre regionråd Anders Riise.

Det er totalt fem kommunar som har tilbydd tomt til nytt soningssenter på Sunnmøre. Desse er Sula, Ålesund, Giske, Haram og Skodje. Det er Kriminalomsorgen som har den endelege faglege tilrådinga og deretter skal Sunnmøre regionråd vurdere om dei er einige med tilrådinga.

Fleire omsyn som må takast

Ålesund og Haram stiller kvar med tre forskjellige alternativ til tomt for nytt fengsel eller soningssenter på Sunnmøre. Skodje tilbyr to tomter, medan Sula og Giske stiller med ei tomt kvar. Ifølgje Riise er det fleire omsyn som må takast når ein skal velje den beste lokaliseringa for eit nytt soningssenter.

Anders Riise

Anders Riise seier det fleire omsyn som må takast når ein skal velje den beste lokaliseringa for eit nytt soningssenter.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er fysiske krav, plasseringskrav, men det er også krav i forhold til korleis soningssenteret skal fungere. Kollektivtilbod og tilbod utanfor fengselet er også viktig, seier Riise.

– Det er ein ganske mangfaldig kravspesifikasjon som skal vere på plass, held han fram.

Det nye soningssenteret skal dekke Sunnmøre sitt behov for soningsplassar. Det betyr at fengselet treng mellom 70 og 80 plassar. I dag er det 27 soningsplassar i Ålesund fengsel. Riise meiner det er for lite.

– Slik situasjonen er i dag må vi sende mange langt vekk for å gjennomføre soning. Det er ikkje bra, verken for familiesituasjonar eller tilbakeføring til samfunnet etter enda soning, seier han.

Riise trur det nye soningssenteret vil kunne ha fordelar for den kommunen som blir vertssenter for det nye fengselet.

– Eit slikt soningssenter vil kunne gje mange nye arbeidsplassar og vere eit godt supplement til kommunen sitt næringsliv, seier han.