Hopp til innhold

Trur framleis på nytt tinghus i Molde

Etter 20 års kamp for nytt tinghus i Molde ventar dei framleis på at skiftande regjeringar skal sette av pengar.

Romsdal Tingrett

Dei tilsette i Romsdal tingrett har framleis stor tru på at det blir bygd nytt tinghus i Molde. Frå venstre rådgivar Sissel Dørum Lillebakk, sorenskrivar Svein Eikrem, tingrettsdommar Oddne Hansen og dommarfullmektig Ingrid Tungen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nytt tinghus vil koste vel 220 millionar og har vore prioritert på topp i årevis av Domstoladministrasjonen. Men det hjelper lite å vere prioritet, når pengane ikkje kjem.

Sorenskrivar i Romsdal, Svein Eikrem, har likevel ikkje gitt opp håpet om eit nytt tinghus i Molde.

– Eg er sterk i trua på at prosjektet er så godt i seg sjølv at det vil bli ei politisk prioritering å gje løyvingar til dette prosjektet, seier Eikrem.

Har teke lang tid

Eit nytt tinghus i Molde har vore prioritert fyrst av Domstoladministrasjonen i ei årerekke. Tomta i Molde sentrum har vore byggeklar sidan 2012 og ligg berre å ventar på byggestart. No står att det berre eit politisk vedtak om løyvingar til prosjektet.

Svein Eikrem

Sorenskrivar i Romsdal, Svein Eikrem, har ikkje gitt opp håpet om eit nytt tinghus i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

Romsdal tingrett konkurrerer fyrst og fremst med tingrettar i tre andre større byar som treng nye tinghus, nemleg Drammen, Stavanger og Bergen. Eikrem meiner likevel at det ikkje burde påverke utfallet i Molde.

– Av desse fire er det berre Molde som er byggeklar. Dei andre byane held på med omfattande planprosessar for å avklare kva prosjekta skal gå ut på, seier han.

– Eit nytt tinghus kan ikkje vente

Molde tinghus

Slik tenker Longva Arkitekter at det nye Molde tinghus skal se ut i kvartalet rett vest for utløpet av Moldeelva.

Foto: Longva Arkitekter illustrasjon

Ifølgje Eikrem slit tingretten i dag med forhold som ikkje held mål. For få rettssalar og manglane tryggleik er blant problema.

– Dagens lokale er ikkje gode nok. Dette gjeld fyrst og fremst i forhold til tryggleiken. I tillegg har vi for få rettssalar og manglar spesialrom, seier sorenskrivaren.

Han meiner det er ein fordel for Romsdal tingrett at tinghusa i dei andre byane er langt dyrare enn eit nytt tinghus i Molde, seier

– Dette er eit mykje rimelegare prosjekt enn dei større tinghusa i dei større byane, seier Eikrem.

Eikrem meiner at eit nytt tinghus ikkje kan vente på den komande politireformen, og håpar politireformen ikkje vil skyve det byggeklare tinghusprosjektet meir ut i tid.

– Vi meiner at det er nødvendig å få på plass nye lokale innan den tid, seier han.