Hopp til innhold

Nyesjukehuset har førsteprioritet

Bygginga av nytt bygg for akuttpsykiatri i Trondheim til 245 millionar kroner, kjem ikkje til å stikke kjeppar i hjula for prioritering eller finansiering av det nye sjukehuset på Opdøl. Det garanterer administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga.

Daniel Haga - Helse Midt-Norge

Daniel Haga som er toppsjefen i Helse Midt-Noreg, garanterer at nytt psykiatribygg i Trondheim ikkje vil gå utover bygginga av nyesjukehuset på Opdøl.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Frå fleire hald her i fylket er det uttrykt uro over at psykiatribygget i Trondheim blir bygd samstundes som Helse Møre og Romsdal skal i gang med si største investering nokon gong; bygging av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Opdøl. Bekymringa er ugrunna, seier Daniel Haga.

– Pengane vil vere tilbake på sparegrisen igjen når det nye sjukehuset skal byggast, seier han.

​Det nye psykiatribygget til St.Olavs Hospital i Trondheim skal stå ferdig i 2017, og vil på ingen måte gå utover sjukehusbygginga, Haga.

– Dette vil hverken gå utover prioriteringa, finansieringa eller byggestarten for nyesjukehuet, slår han fast.

Fiansieringsplanen

Psykiatribygget skal oppførsast på Østmarka i Trondheim, og nyttast av akuttpsykiatrien.

St. Olavs Hospital finansierer bygget gjennom ein eigenkapital på 145 millionar kroner, i tillegg til at dei tek opp eit lån på 100 millonar kroner hos Helse Midt-Noreg.

– Vilkåret for heile prosjektet er at lånet St. Olavs får hos oss, skal vere betalt tilbake før kostnadane tek til å gjelde for det nye sjukehuset i Møre og Romsdal, seier Haga.

Eigenkapitalen skaffar trøndarane ved å selje ein eigendom til Trondheim kommune for omlag 35 millionar kroner, og ved å auke årsoverskotet med 75 millionar kroner.

Andre, store utfordringar

For at nyesjukehuset på Opdøl skal kunne byggast, må Helse Møre og Romsdal spare tilsaman 700 millionar kroner i drifta dei komande seks åra. Dette blir den største innsparinga nokon gong for helseføretaket.

Haga vedgår at prosessen blir svært krevjande. Etter det han forstår vil administrasjonen i helseføretaket først og fremst satse på meir effektive arbeidsprosessar i det dagleg for å spare pengar.

– Lukkast vi ikkje med innsparingan så blir det svært vanskeleg å stikke nøkkelen i døra til sjukehuset på Opdøl i 2021. Det er viktig at vi tek dette på stort alvor. Dersom vi ikkje lukkast, spøker det med igangsettinga av nytt sjukehus. Då då har vi ikkje midlar totalt set til å kome i gang, åtvarar Daniel Haga.

Styret i Helse Møre og Romsdal møtes i styremøte onsdag for mellom anna å drøfte omstillingsarbeidet i føretaket.