Hopp til innhold

Hus totalskadd på Hjelset: – Flammane stod ut av vindauga

Eit hus på Hjelset i Molde vart totalskadd då det byrja å brenne torsdag kveld.

Video fra brannstedet der brannmannskap arbeider med slukking. Intervju med Ole Johnny Tangen fra Molde brannvesen

Video frå brannen: Gunnar Sandvik/NRK

Med sløkking og røykdykkerinnsats fekk brannmannskap frå Molde brannvesen og Kleive brannstasjon kontroll på situasjonen og brannen var sløkt klokka 03.00 natt til fredag.

– Brannen var meldt sløkt klokka 03.00 og dei siste brannfolka forlot staden like før klokka 04.00, fortel operasjonsleiar Rolf Anders Kårstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK fredag morgon.

Gjennombrent

Husbrann på Frydenberg på Hjelset

Brannvesenet jobba med å få kontroll på brannen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK
Innsatsleder Leif Søvik

Innsatsleiar frå politiet, Leif Søvik.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK
Ole Johnny Tangen i Molde brannvesen

Ole Johnny Tangen i Molde brannvesen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Politiet fekk melding om brannen klokka 20.30 torsdag kveld, og huset på Frydenberg på Hjelset vart raskt gjennombrent.

– Då brannvesenet kom var huset gjennombrent og flammane stod ut av vindauga, sa Ole Johnny Tangen ved Molde brannvesen til NRK torsdag kveld.

Ifølgje innsatsleiar i politiet, Leif Søvik, budde det ein mann i huset som kom seg ut og vart teken hand om av politi og helsevesen. Mannen skal ha kome frå det utan fysiske skader.

Avsperra område

Ved hjelp av ein lift klarte brannvesenet å kome seg opp på taket og på den måten få sløkt brannen.

Det var ei stund problematisk å finne vasskummane under isen, men brannvesenet hadde likevel nok vatn til å få kontroll.

No skal politiet undersøkje branntomta, fortel operasjonsleiar Kårstad.

– Området er avsperra, for politiet skal inn og føreta ei åstadsundersøking når det er praktisk mogleg.

Laster Twitter-innhold