Hopp til innhold

Rekneskapsførar gir ut plate

Rekneskapsføraren Ole Ose frå Ørsta har vore på 72 Bruce Springsteen-konsertar i 13 ulike land. No har han oppfylt ein livslang draum og gitt ut si fyrste plate.

Ole Ose
Foto: privat

– Det er gutedraumen, heilt klart. Eg har alltid hatt ein draum om å kunne lage, spele og gi ut musikk, så det er fantastisk å endeleg vere der, seier Ose.

Plata «In my heart» er produsert av Svein Erik Åmås på Audiofarm i Ørsta, og inkluderer kjente musikarar som Stig Ulv, Frank Willy Utgård, Roberth Lien, kjent frå blant anna Woodleg Odd og Vassendgutane. Ifølgje Ose var dei ikkje vanskeleg å be.

– Eg kjenner alle frå før av frå ulike samanhengar, så alle sa raskt ja, noko eg er svært glad for.

Lidenskapleg opptatt av musikk

Ose er lidenskapleg opptatt av musikk og samlar blant anna på originale CD-ar, LP-ar og DVD utgivingar.

Han er i tillegg ein aktiv konsertgåar. Ose har reist inn- og utland for å få med seg nokre av heltane sine, og ein av dei som har inspirert han aller mest er Bruce Springsteen.

– Eg var på min fyrste Bruce Springsteen-konsert sommaren eg var 16 år, og fram til i dag har eg vore på 72 konsertar i 13 ulike land, fortel han.

Heidrar faren

Plata har han dedikert til far sin, som brått blei rive bort i fjor. For Ose har faren vore ei viktig inspirasjonskjelde opp igjennom åra.

– Han inspirerte meg veldig i barndomen, men også i seinare tid, seier han.

Ose mimrar tilbake og fortel om ein far som alltid høyrde på Johnny Cash og The Rollin Stones, og som samla på plater og LP-ar. Musikk var alltid ein stor del av heimen til familien Ose, og i faren si gravferd fekk han heidra han nettopp gjennom musikken.

Då faren blei gravlagt fekk Ose framført ein av songane sine i kyrkja under gravferda.

– Det var veldig spesielt og fint å kunne gjere det, seier han.

Blandar ulike sjangrar

Musikalsk beskriv Ose plata som eit skjeringspunkt mellom pop, rock og country, og syntest det er spanande å kunne blande rock og pop med country eller folkemusikk. Han meiner det skaper eit meir levande lydbilete.

Ole Ose

Plata er spelt inn på Audiofarm i Ørsta.

Foto: privat

– Eg nyttar ein del instrument som tradisjonelt er knytt til countrysjangeren. På den måten blir lyden rikare. Kanskje høyrer du ein lyd andre gong, som du ikkje høyrde fyrste gongen du høyrer ei låt, seier han.

Rekneskapsføraren trur likevel ikkje at han blir musikar på fulltid, til trass for at han håpar å kunne gi ut fleire plater og halde fram med musikken i framtida.

– Det er greitt å ha ein fast jobb ved sidan av, seier Ose og ler.

– Men eg er veldig innstilt på å jobbe med musikken vidare, og eg håpar å kunne gi ut fleire plater seinare og opptre live, seier Ose.