Hopp til innhold

Brøytebil treft av snøskred

Sjåføren måtte få hjelp til å kome seg ut etter at ein brøytebil blei treft av eit 100 meter breitt snøskred på vegen mellom Eidsdal og Geiranger seint onsdag kveld. Mannen kom frå det utan skadar. Det er no stor snøskredfare mange stader.

Snøskred Eidsdal

Raset gjekk her på fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger.

Foto: Drift Sunnmøre

Brøytebilsjåføren skulle køyre siste turen inn mot Geiranger ved 23-tida onsdag kveld. Ved siste tunnelen før vegen går ned mot Geiranger sentrum, blei han treft av skredet.

Borge Amdam

Borge Amdam er operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Frode Berg / NRK

– Han såg skredet kome, men greidde ikkje å stoppe. Bilen blei slått på tvers og blei sitjande fast inne i skredet, fortel operasjonsleiar Borge Amdam.

Laster Twitter-innhold

Han seier brøytebilsjåføren sjølv fekk varsla om hendinga slik at han fekk hjelp og blei henta ut av kjentfolk som også fekk stengt vegen.

– Bilen måtte stå igjen, den stod fast inne i snømassane, seier Amdam.

Brøytebilen framleis står på rasstaden. Når det blir blir lyst skal det vurderast om det er trygt å hente den ut.

– Sjåføren var utan fysiske skadar, og han var roleg då han ringde til oss, seier Amdam.

Stor skredfare

Vegen Det er no stor skredfare mange stader i Møre og Romsdal.

– Det er faregrad 4 fleire stader, så Statens vegvesen vurderer no fortløpande kva for vegar dei skal stenge, seier Amdam.

4 er den høgaste faregraden for skredvarsling.

Fylkesvegen mellom Eidsdal og Geiranger er no stengt med bom på begge sider av raset. I morgontimane opplyser Statens vegvesen at også fylkesvegen mellom Røyr og Hellesylt er stengt på grunn av fare for snøskred.

Laster Twitter-innhold

Set inn beredskapsferjer

Det er no sett inn ferjer i alternative samband for å hjelpe på trafikkavviklinga. Fjord1 opplyser at ferja mellom Eidsdal og Linge er omdisponert til å gå mellom Stranda, Liabygda og Eidsdal frå klokka 0750. Sjå ferjeruter på Fjord1 sine sider. Det er også sett inn ferje mellom Hellesylt og Geiranger.

Ole Jan Tønnesen

Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen opplyser at dei vil vurdere raset så snart det blir lyst.

– Vi kjem til å sjå på dette, men vi må heile tida vurdere faren for nye skred. Uansett vil det ta tid å rydde opp snømassane, så vegen blir nok stengt ei stund, seier han.

Frå før er følgjande vegar stengde på grunn av fare for ras:

  • Fylkesveg 41 Bjørke - Leira
  • Fylkesveg 43 Hundset - Vatne
  • Fylkesveg 655 Norangsdalen
eidsdal - geiranger