Hopp til innhold

– Då Trym mista barneavdelinga, mista han tryggleiken

Mor til alvorleg sjuke Trym (11) meiner at stengd barneavdeling har ført til at familiar med kronisk sjuke barn har fått eit dårlegare liv.

Foreldrene til 11 år gamle Trym fra Eide er ikke fornøyd med det de har opplevd etter at barneavdelinga ved Kristiansund sykehus ble helgestengt.

Trym er overvaka heile døgnet. Han er alvorleg sjuk, og foreldra fortvilar over at barneavdelinga i Kristiansund er stengd i helgene. Dei meiner guten er avhengig av å ha den tilgjengeleg heile tida.

Ellen Marie Langnes, mor til alvorlig syke Trym

Mor til Trym (11), Ellen Marie Langnes, fortel at dei har mista tryggleiken som sonen deira er avhengig av.

Foto: Roar Halten / NRK

Barneavdelinga i Kristiansund har vore helgestengd sidan oktober i fjor. Ellen Langnes frå Eide på Nordmøre fortel at tomme lovnadar frå helseføretaket har forverra livet deira.

Ho er mor til alvorleg sjuke Trym (11), og seier at dei vart lova skreddarsydde tiltak. Begge foreldra til guten frykta kva som ville skje når barneavdelinga blei stengd i helgene, og no fortel dei at dei ikkje likar det dei opplever.

I juni fortalde vi om Trym som har ein sjeldan sjukdom. Sjukdomen drep hjernecellene hans og gir han kraftige epilepsianfall.

Sengeliggande

Guten lever nesten heile livet sitt sengeliggande, men i gode periodar kan han vere med ein tur ut. Han er heilt avhengig av hjelpa han får ved barneavdelinga i Kristiansund, men sidan dørene stengde i helgene har foreldra vore fortvilte.

– Hadde dei tenkt på tryggleiken til barna så hadde dei opna avdelinga igjen, seier Langnes.

Ho fortel at dei har mista tryggleiken dei hadde før stenginga.

Helse Møre og Romsdal må spare inn 180 millionar kroner. Helgestenginga av barneavdelinga i Kristiansund sparar 4 millionar.

– Livet er forandra

Tidlegare kunne dei alltid ringe ein barnelege på vakt som kjente guten deira. Det kan dei ikkje lenger.

– Dei har betydd så mykje for oss. Vi har kunna ringt dag og natt. Etter at barneavdelinga vart stengd har livet vårt blitt veldig forandra, seier ho.

Men ho vil ikkje flytte. Ho seier at det ikkje er realistisk, og heller ikkje mogleg å gjennomføre. Helseføretaket vil at dei som treng barneavdelinga i helgene skal reise til Ålesund eller Trondheim. Frå Eide til Ålesund er det over to timar å køyre – til Trondheim er det over ein time lenger. Men til Kristiansund kjem dei seg på 50 minutt.

Mor til Trym (11), Ellen Marie Langnes, fortel at dei har mista tryggleiken

Guten lever nesten heile livet sitt sengeliggande, men i gode periodar kan han vere med ein tur ut.

Foto: Roar Halten

– Forsvarleg

Klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, Ove Økland, seier at tilbodet til kroniske barn i Nordmøre og Romsdal er forsvarleg sjølv med helgestenging i Kristiansund.

– Vi meiner at tryggleiken til dei pasientane som har spesielle behov er varetatt. Omlegginga er forsvarleg, og det er også stadfesta av statsråd Bent Høie, seier klinikksjefen.

Han vil ikkje kommentere saka til Trym konkret på grunn av teieplikt.

– Alle får ei god og forsvarleg hjelp i samarbeid med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Det er på grunn av økonomi at barneavdelinga i Kristiansund er helgestengd. Innsparinga på fire millionar er ikkje uvesentleg, seier han.