Hopp til innhold

Trur bokbåten «Epos» vil halde fram

Fylkesbiblioteksjefen trur bokbåten «Epos» har ei framtid sjølv om Sogn og Fjordane ikkje lenger blir med og betalar for tilbodet. Det blir arbeidd med ei løysing som gjer at «Epos» kan halde fram i Møre og Romsdal og Hordaland.

Bokbåten Epos

Bokbåten «Epos» har vore truga av nedlegging fleire gongar.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Bøker ombord i Epos

Mange har hatt glede av bøkene som er til utlån om bord.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Det er framleis stor interesse for bokbåten, det ser vi for tala for besøk dei siste åra. Så det er mange som set pris på denne, seier fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær.

Ho seier bokbåten har satsa på formidling og utlån som gjer at mange har nytte av tilbodet.

Truga av dårleg økonomi

Det har vore mange skjær i sjøen for finansieringa av bokbåten. I mange år har båten vore eit spleiselag mellom fylkeskommunane Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I fjor haust blei det klart at politikarane i Sogn og Fjordane vedtok å avslutte samarbeidet fordi dei ikkje såg seg råd til å halde fram.

Ellen Kristin Molvær

Ellen Kristin Molvær er fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal.

Foto: Ragnar H. Albertsen

Tilbodet står sterkt i vårt fylke. Vi må sjå på framtida her og vi trur vi skal finne ein modell for å jobbe vidare i Hordaland og Møre og Romsdal. Dette blir det jobba med no og kulturpolitikarane hos oss har signalisert at det er dei interesserte i å vere med på dette.

– Så du er optimistisk?

– Det er eg, og det vil eg alltid vere, dette er ei viktig teneste, seier Molvær.

Molvær meiner det absolutt er behov for båten også i ei tid då folk har tilgang til lesestoff med eit tastetrykk.

– Dersom du ser på geografien hos oss, så er det slett ikkje slik at det er eit bibliotek på kvart nes i utkantane. Og båten kjem til små plassar i utkantane, der filialane gjerne er nedlagt. Og det er heller ikkje alltid at skulebiblioteka er noko å skryte av.

Har satsa på barnelitteratur

Molvær seier «Epos» med vilje har satsa på barnelitteratur og spesialopplegg for skulebarn, mellom anna med bokpakkar om ulike tema.

– Dette har vore veldig populært og vi ser at mange har glede av tilbodet og at skuleklassar nyttar seg av det.

Ho meiner dette viser at tilbodet absolutt er liv laga.

– Det er det, og det har halde seg i fantastiske femti år, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL