Hopp til innhold

– Har aldri køyrt så bra som no

Etter sjetteplassen i Austerrike i går, meiner Nina Løseth frå Ålesund at ho aldri har køyrt så bra på ski som no. Alpinisten seier ho no har ho fullt fokus på VM.

Nina Løseth

Nina Løseth er godt fornøgd med 6.-plassen frå rennet tysdag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Sjølv om eg ikkje fekk det ut, så kjenner eg sjølv at eg er på ein bra plass, seier Løseth til NRK.

For knappe to veker sidan hadde ho den beste plasseringa si nokon gong med ein 3. plass i slalåm i Zagreb. Før det var den beste internasjonale plasseringa hennar ein 4. plass frå 2013. No meiner alpinisten at noko har losna.

– Eg kjenner meg sterk og stabil og det gir sjølvtillit å komme på 6. plass på ein dag då eg kjenner at ikkje alt klaffar hundre prosent, seier ho.

Gjer seg klar til VM

Nina Løseth

25-åringen frå Ålesund har sjølvtilliten på plass framfor VM om tre veker.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Om tre veker er det klart for alpin-VM i Beaver Creek i Colorado. Løset meiner ho har skaffa seg den sjølvtilliten som trengst for å lukkast der.

– No er det fullt fokus på arbeidsoppgåvene og å bygge vidare på den sjølvtilliten eg har skaffa meg i dei siste to renna, seier Løseth til NRK.

Nina Løseth kom på 6.plass under tirsdagens slalåmrenn i Flachau i Østerrike.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL